Bokslukarprisen utvidast med eitt nytt klassetrinn

No er ikkje det berre 6. trinn som får vere aktive bokslukarar. Frå hausten kan også 5. trinn vere med i leseprosjektet.

Troels Posselt, prosjektleiar i Bokslukarprisen i regi av Foreningen !les. (Foto: Kristin Strøm).

Bokslukarprisen er ein nasjonal leselystpris for elevar på 5. og 6. trinn i regi av Foreningen !les. Prisen skal fremme lesing og leselyst, og setje fokus på den gode norske skjønnlitteraturen som blir gitt ut i aldersgruppa 10-12 år.

Glad for å få fleire lesarar

Troels Posselt, Prosjektleiar i Bokslukarprisen i Foreningen !les, fortel at prisen har berre vore for elevar på 6. trinn i norsk skule, men at det no skal utvidast.

-Frå hausten kan også elevar på 5. trinn vere med på leseprisprosjektet. Vi er glade for å kunne utvide tilbodet til å gjelde fleire elevar, seier Troels Posselt i ei pressemelding.

Foreningen !les har fått støtte frå Udanningsdirektoratet. 80 000 elevar på 5.- og 6. trinn vil ved påmelding få tilsendt ei samling med utdrag frå bøker. Elevane skal lese og stemme over utdraga. Vinnaren av Bokslukarprisen vert kåra kvart år på Verdas bokdag – 23. april.