Denne klassen vil arrestere statsministeren

3. klasse ved Skånevik skule skreiv brev til Erna Solberg. Fordi dei vil fange ho!

Men, vil dei verkeleg arrestere statsministeren heilt på ekte? Neida. Klassen har nemleg laga ein heilt eigen leik dei har kalla Police. Det er ein slags politi og røvar-leik, for her er det å fange kvarandre som gjeld.

Saka vart fyrst omtala i Grannar.

Tage: Det starta med at Hogne vart litt koko i eit friminutt, han sprang rundt og fanga oss. Det var då me kom på at me skulle lage vår eigen leik.

Simen: Me har funne på fleire leikar, men dette er blitt ein leik heile klassen er med på.

Kvifor har de kalla leiken Police?

Tage: Namnet “Politi og røvar” var allereie tatt, så då blei det engelsk.

Filip: Så var det ei jente i klassen som kom på at det hadde vore gøy å fange Erna Solberg.

Simen: Me tenkte på Donald Trump også, men Erna er jo her i Noreg. Då er det litt enklare å få kontakt.

Klassen har laga reglane sjølv, og heile klassen har vore med på å snakke om korleis leiken skal vera.

Mathias: Me har funne på fleire reglar etter kvart, og no har det blitt ein skikkelig leik.

Simen: Difor skreiv me brev til Erna for å invitere ho til å leike Police med oss. Me vil at dette skal bli ein leik som alle ungar i Noreg kan leike. Så då tenkte me ho kunne hjelpe oss å fortelje om leiken til andre skular. Difor inviterte me ho til Skånevik!

Kjem Erna no då?

Simen: Ho skreiv brev tilbake om at ho har lyst å leike Police på kontoret sitt!

 

HER ER REGLANE I LEIKEN: