Lesarbrev: Stopp, ikkje mobb!

Eg har kjent på kroppen korleis det er å verte mobba. Ein kjensle som fekk meg til å miste mykje av sjølvtillita mi.

Astri Caline Berge (12)

Venane mine støtta meg, og eg veit at eg vil gjere det same for dei dersom det skulle hende dei noko. Det er det ein ekte ven gjer. Ein støttar.

Dei som mobbar, trur dei det er kjekt? Kva står bak? Har dei kanskje sjølv blitt mobba? Er dei usikre? Har dei eit behov for makt? Har dei problem heime, og treng å få det ut på ein eller annan måte?

Av og til gjer vi menneska feil, og kan oppføre oss negativt. Men mobbarar må tenke seg om. Til dykk som mobbar, uansett kor stor og viktig du føler grunnen din er, så tenk på at du sårar dei du gjer det mot! Kanskje endar det i at dei som mobbar blir mobbarar sjølv? Er det rettferdig? Nei, det er ikkje det. Iallfall ikkje for meg.

Stopp, ikkje mobb! Stopp!