– Kveding er historier ein syng

Kveding er ein songstil for tradisjonell, norsk folkemusikk. Det går ut på å synge dikt eller historier på ein rytmisk og høgtidleg måte.

Kveding
  • Krulling er hurtig veksling mellom tonar.
  • Konsonantar: Når ein kvedar syng ein gjerne på konsonantane. Det vil seie at ein legg vekt og held lyden på konsonantane, i staden for vokalane som kanskje er meir vanleg i moderne uttrykk.
LES FAKTALUKK FAKTA

Liv Mondal Ljostad (8) er ein ivrig kvedar. Ho kjem frå Åmot i Vinje og syng i ei songgruppe gjennom kulturskulen. Gruppa hennar øvar ein gong i veka, og i februar deltok dei i UKM.

Kveding er songar som har gamle melodiar, og er rett og slett gamle historier som ein syng, seier Liv.

I videoen kvedar Liv «Gamle Gullbrand».  Sjå teksta lengre nede i saka.

Mamma Stine og Liv på tur i Oslo, då Liv skulle synge på Riksscenen i fjor.

Byrja tidleg å synge

Liv byrja med kveding allereie i 1. klasse, og ho synest det er veldig gøy.

Eg likar å kvede. Eg likar å stå på scenen og synge historiene, seier ho.

Det var mor hennar, Stine Beate Mondal Ljostad, som meldte Liv på kveding i mangel på songtilbud i bygda.

Når ein har ei moglegheit til å lære seg kveding, så føler eg nesten at vi har eit ansvar til å vidareformidle den gamle kulturen, seier mora.

Mykje øving må til

Når ein skal kvede må ein øve mykje, for dei syng med ein heilt annan teknikk, enn det ein er vant med. Etterkvart som ein blir eldre vil ein trene på krullar og å synge på konsonantane. Det er mykje øving som skal til for å bli ein god kvedar.

Det kan vere litt vanskeleg, fortel Liv. Det er av og til ord som er vanskeleg å forstå, og nokre gongar veit eg ikkje korleis eg skal uttale dei heller, seier Liv.

Men då får ho hjelp av læraren sin.

Det er mykje tekst ein skal kunne utanåt, så det går mykje øving på å få melodien og teksta til å finne rytma i kvedinga.

Målet er MGPjr

Liv er glad i å opptre. Ho har eit mål om å delta i MGPjr ein gong, men songen har ho ikkje heilt på plass enda.

Når ein kvedar kan ein også vere med på konkurransar. Det heiter kappleik, der mange songgrupper møtes og syng for dommarar. Dette er stort i Telemark, der Liv kjem frå. På slike treff har ein ofte på seg bunad. Det har Liv også, og den har mormora hennar sydd.

Sist eg var på sjokoladekappleik, som er for barn, fekk alle songarane ein sjokolade mot slutten av konkurransen, fortel Liv.

Liv har mange vener som driv på med dette, og har ingen planar om å slutte.  

Teksta til Gamle Gullbrand

Gamle Gullbrand, Gamle Gullbrand 
tru om trolli vi taka deg, 
fe han æ no så vrang og vrien, 
han tenkjer berre på sjave seg.

Gamle Gonil, kok no grauten 
gje no bonni koss’ noko mat 
kom med skeii og et med saupen 
set fram gryta me treng ‘kje fat.

Gamle Gonil, kok no grauten 
stampe klumpane vel ut 
gje no bonni ein liten biti 
so dei ikkje svelt ut.