FOTO: Pixabay

Dersom du tek ein selfie og deler den på eit sosialt medium, så får dei fleste av oss dårlegare sjølvtillit, skriv Forskning.no.

Dette har koreanske psykologi-forskarar funne ut i eit eksperiment med 78 studentar.

Deling

Studentane tok bilete med sine eigne smarttelefonar. Så fekk dei beskjed om å dele biletet på nettet. Eller berre lagre biletet på sin eigen telefon. Etterpå sjekka forskarane kor raskt studentane reagerte på forskjellige bilete på ein skjerm.

Tida dei brukte på å reagere på bileta på skjermen vart kortare etter dei tok ein selfie. Det viste at studentane hadde meir kjensler knytt til folk rundt seg etter at dei tok ein selfie.

Skreiv namnet sitt

Studentane skreiv også namnet sitt med mindre bokstavar etter at dei hadde delt biletet. Det er nemleg slik at forskninga tidlegare har vist at folk skriv namnet sitt med små bokstavar om dei har låg sjølvtillit.

Sjølvtilliten vart faktisk endå dårlegare om studentane tok ein selfie – og berre lagra den på mobilen.

Filter

Tidlegare har studiar vist at vi legg ut selfiar for å få bekrefta at folk rundt oss likar oss. Dessutan har forskninga vist at selfiar viser korleis vi helst vil at andre skal sjå oss, og at mange nyttar filter for å endre på seg sjølv.

Det nye med denne koreanske studien er altså at den seier noko om kva dette kan gjere med sjølvtilliten vår.