Kva gjer ein når ein har delt noko på nett, som ein angrar på?

Mange opplever at dei deler noko på nett med nokon dei stolar på, og så viser det seg at den personen ikkje var den han eller ho gav seg ut for å vere.

Nokon gonger syns ein det er kjekt i starten, men angrar seinare. Ein kan også ha følt seg pressa til å dele, og difor gjort noko ein eigentleg ikkje hadde lyst til.

Mange born er redd for å seie frå til vaksne når slikt skjer. Kanskje føler du deg dum, som er blitt lurt? Kanskje var det kjekt i byrjinga? Kanskje skjedde det ein stad du eigentleg ikkje hadde lov å vere?

Uansett, så er det ikkje din feil. Uansett, så vil me vaksne hjelpe.

Som helsesøster er det mange born som spør om eg kan hjelpe dei å fortelje vanskelege ting til foreldra, og det kan helsesøster på din skule også!

  • HAR DU SPØRSMÅL? Skriv til helsesyster@gmail.com
    Merk gjerne emnefeltet med Framtida junior