Vart rasande på «Petter Kanin»-filmen – no blir filmen endra

«Peter Rabbit»-filmen gjorde mange sinte i USA. I dag kjem filmen til Noreg.

Teiknefilmen «Petter Kanin» vart skulda for å mobbe folk som er allergiske. Grunnen er ei scene i filmen der figuren McGregor får ein allergisk reaksjon etter at Petter kanin og venene kastar bjørnebær på han.

Eit bær set seg nemleg fast i halsen, og McGregor blir nesten kvalt før han rekk å setje allergisprøyta. Scena fall ikkje i smak hos allergiske amerikanarar. Dei meiner at dei som har laga filmen tek for lett på korleis det er å vera allergisk.

#boicottpeterrabbit

Folk starta ein underskriftskampanje med hashtaggen #boicottpeterrabbit. Dei ville at Sony Pictures som har laga filmen skulle seie unnskyld. Det har dei gjort.

No er det bestemt at filmen skal endrast, både i USA og i resten av verda, skriv Aftonbladet.

– Filmen kjem til å klippes heilt om, seier Helena Stenhammar ved UMG, United Media Group Nordic AB, til den svenske avisa Aftonbladet.

Filmen har aldersgrense på seks år, og vert å sjå på norske kinoar frå i dag. Om allergi-scena har blitt fjerna til det, er det ingen som veit.