Forskning: Like barn leikar best?

Forskarar har sett på hjernen og funne ut at hjernane til vener ofte er like. Dei passar saman.

Saka er henta frå Forskning.no

Forskarar frå USA, ved universitetet i California, samla ei gruppe studentar og forska på hjernen deira.

Forskarane viste alle studentane forskjellige filmar.

Reaksjonane som studentane fekk når dei såg dei ulike filmane, var like hos dei som var nære vener.

Etter kvart kunne forskarane sjå kor nære studentane i gruppa var kvarandre, berre ved å sjå på korleis hjernen reagerte på filmsnuttane.

Kvifor det er slik veit ikkje forskarane. Er det slik at folk med like hjerner søker saman, eller blir reaksjonane våre påverka av dei vi er saman med? Dette veit ikkje forskarane før dei har fått gjort fleire undersøkingar.

Kjelde: Ingrid Spilde, journalist, Forskning.no