Ein av dei siste overlevande frå Holocaust er død | Framtidajunior.no

Ein av dei siste overlevande frå Holocaust er død

OVERLEVDE: Kronprins Haakon snakkar med Maria Gabrielsen som overlevde konsentrasjonsleiren under andre verdskrig. Foto: Lise Åserud / NTB

Maria vart fødd i Wien i 1934 og overlevde konsentrasjonsleiren Theresienstadt saman med søskena sine under andre verdskrigen. Seinare flytta ho til Norge og levde resten av livet i Sandefjord. Maria reiste rundt som tidsvitne og delte si sterke historie fra Holocaust, skriv NRK.

Holocaust er forfølginga til nazistane og drap på jødar under andre verdskrigen. Holocaust var eit folkemord. Det betyr å drepa alle som tilhøyrer ei bestemd folkegruppe eller religion.

Mellom 1938 og 1945 vart meir enn seks millionar jødar drepne av nazistane.

(Kjelde: Lille norske leksikon)

 

Kva meiner du?

176 svar

Er du glad i kongehuset?

Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.

Les vidare

Utforsk meir