Tooji lagar julefest for dei som treng ein ekstra tanke

I jula skal ingen vere åleine og ha det vanskeleg. Difor tok Tooji grep og laga ein alle tiders fest for barn og familier som treng ei hjelpande hand. No har det blitt ein tradisjon.

TOOJI

Tooji er artist, låtskrivar, forfattar og barnevernspedagog.

Han har gitt ut to bøker om Taki og bestemor på Cappelen Damm.

Han har også vore programleiar i NRK Super,  i MGP junior saman med Margrethe Røed.

LES FAKTALUKK FAKTA

Ei jul for mange år sidan sat Tooji saman med familien og åt seg stappmet  og hadde det veldig fint. Men det var ein ting som gav han ei dårleg kjensle, og det var tanken på alle som ikkje hadde det like godt som han.

Ein fest utanom det vanlege

Han starta opp prosjektet Jakobs jul saman med ei venninne. Kvar julaftan held han julefest i Kulturkirka Jakob i Oslo.

I Jakobkyrkja er det pynta til ein magisk julefest med tradisjonell julemat, underhaldning frå kjende artistar. Til og med julenissen stikk innom på besøk.

Jakobs jul handlar rett og slett om glede, samhald og omtanke der ein skapar gode minner saman.

Tooji treng folk til å hjelpe

– Det er ei gratis julefeiring for familier som kanskje er i ein spesiell situasjon. Målet er å lage den mest ultimate, feitaste julefesten du kan tenke deg. Med artistar, gåver, god mat og underhaldning, seier Tooji.

Til dei som treng ein varm tanke i jula har Tooji noko han vil seie.

– Av og til kjenner ein seg einsam og føler at ein er heilt aleine. Det ein ikkje alltid veit er at mange menneskje kjemper ein kamp som ingen veit om. Om ein tør å ta steget ut, vil ein alltid møte varme menneskje som vil vere der for deg.

Det er berre frivillige som står bak prosjektet, og han har fått med seg mange på laget. Men det er alltid rom for fleire hjelpande hender. Vil du bidra, eller melde deg på?

Akkurat no treng Tooji ein kokk som kan hjelpe til

Gå inn på jakobsjul.no for meir informasjon.