Fredsprisvinnar ICAN – Kven er dei?

Kvart år blir det delt ut ein fredspris, som har namnet Nobels fredspris. Prisen skal gå til ein person eller ein organisasjon som jobbar for fred. I år gjekk prisen til ICAN.

I år gjekk prisen til ICAN. ICAN er ein global kampanje som vil inspirere og engasjere alle land til å forby atomvåpen.

ICAN har jobba med å få til ein avtale med FN om å forby atomvåpen. 122 land har skrive under, men ingen av landa som har atomvåpen har signert avtalen. No håpar ICAN at prisen kan vere med på å få med seg fleire til å signere avtalen med å forby atomvåpen.

Nobels fredspris blir sett på som den gjevaste prisen ein kan få.

Alfred Nobels fredspris

Nobels fredspris er ein årleg pris som blei oppretta av Alfred Nobel.  Alfred Nobel var ein svensk kjemikar, ingeniør og oppfinnar. Det er fem Nobelsprisar som Alfred etablerte i sitt testamente. Det er prisar i fred, fysikk, kjemi, litteratur og medisin. ICAN er altså vinnar av prisen for fred.

Vinnaren får ein medalje, eit diplom og ein pengesum. Pengesummen har variert frå år til år. I fjor gjekk prisen til Colombia sin president, Juan Manuel Santos, for sitt arbeid med å få slutt på ein 50 år gamal borgarkrig i landet.

Prisen blir utdelt kvart år, 10. desember, datoen då Alfred Nobel døde. Seremonien var i Oslo rådhus. Det er også ein stor konsert i kveld, Nobelkonserten, der kjende artistar hyllar prisvinnaren. 

Malala var den yngste fredsprisvinnaren nokon gong. Ho var 17 år då ho mottok Fredsprisen.
(FOTO: Claude Truong-Ngoc / Wikimedia Commons)

Den yngste fredsprisvinnaren

I 2014 var det to vinnarar av prisen. Det var Kailash Satyrathi og Malala Yousafzai. Malala er ei pakistansk jente som jobbar for at jenter skal ha rett til utdanning og for at kvinner skal få dei same rettane som menn har. Ho var 17 år då prisen blei utdelt. Det er den yngste prisvinnaren nokon gong.

Malala sine mest kjende sitat

Malala blei skoten av Taliban fordi ho gjorde opprør og fronta jenter sine rettar til utdanning. Ho har sagt mange kloke ord. Her er nokre av dei:

«Blyantar er mektigare enn våpen. For eit våpen kan berre drepe, mens ein blyant kan redde liv»

«Dersom de vil sjå fred i Syria, Afganistan og pakistan, dersom de vil få ein slutt på krigane, så send bøker i staden for våpen. Send blyantar i staden for stridsvogner, og send lærarar i staden for soldatar».

«Eit barn, ein lærar, ein blyant og ei bok kan forandre verda».

Norske vinnarar

Det er fleire nordmenn som har fått Nobelpris. Dei siste var May-Britt Moser og Edvard Moser som fekk Nobelpris i medisin i 2014.