10. desember fekk dei Fredsprisen

Nobels fredspris for 2018 går til den kongolesiske legen Denis Mukwege og IS-overlevande Nadia Murad. Prisen delar dei for jobben mot seksualisert vald brukt som våpen i krig og væpna konfliktar.

Kven er dei?

Dennis Mukwege er lege og har spesialisert seg på å behandle kvinner som er blitt valdtekne. I 2008 mottok han FNs menneskerettighetspris.

Nadia Murad blei kidnappa av IS – Den islamske staten, og klarte å rømme frå fangenskap. Ho har etter denne opplevinga fortalt verda korleis dette var, og har gitt ei stemme på offer for valdtekt og mishandling.

Kva er Nobel fredspris?

Nobels fredspris er ein årleg pris som blei oppretta av Alfred Nobel.  Alfred Nobel var ein svensk kjemikar, ingeniør og oppfinnar. Det er fem Nobelprisar som Alfred etablerte i sitt testamente. Det er prisar i fred, fysikk, kjemi, litteratur og medisin.

Vinnaren får ein medalje, eit diplom og ein pengesum. Pengesummen har variert frå år til år.

Stor konsert avlyst

Prisen blir utdelt kvart år, 10. desember, datoen då Alfred Nobel døde. Seremonien er i Oslo rådhus. Det brukar også å vere ein stor konsert, Nobelkonserten, der kjende artistar hyllar prisvinnaren. Konserten er i år avlyst fordi arrangøren vil fornye seg og tenke nytt innhald og format.