Vi må passe på miljøet vårt

LESARINNLEGG: Sandra-Kristin Skjønberg (11) ved Stokksund skule har skrive eit innlegg om å ta vare på miljøet.

Vil du skrive lesarinnlegg?

Er det noko du er oppteken av?

  • Skriv til oss på tips@framtida.no
  • Merk mailen med “Lesarinnlegg junior”
LES FAKTALUKK FAKTA

Naturen vår er full av søppel. Det er søppel på stranda, på markar, i fjella.

Dyra i naturen døyr av plast og søppel. Når dei døyr, kva skal vi ete då? Vi har sjølvsagt bær og frukt frå naturen. Men viss vi ikkje tek vare på naturen, og berre kastar søppel og plast så får vi ikkje mat.

Kva kan vi gjere?

Dette må vi gjere noko med, og det fort. Vi kan bruke færre plastposar. Vi kan jo sy våre eigne posar. Eg har høyrt om ein kval som låg død på ei strand. I magen fann forskarar plastposar, plastsekkar og mykje meir. Dei fann ut at det var meir enn 30 plastposar inne i kvalen. Inni ein død fugl fann nokon dropspapir og ein tom dorull.

Det er mest langs kysten det er søppel, men det er også andre stader. Om ein fugl finn ein plastpose kan han tru at det er mat og ete på det. Då kan det kome fleire fuglar som også trur det er mat, og så kan alle døy av det. For fuglane kan bli kvelt av å ete plast, slik at dei ikkje får puste.

Kjeldesorterting

Folk må passe på å kaste plast for seg, og papp og papir for seg. Det er også viktig at ein ikkje kastar boss ute i naturen. Rundt 37 prosent av plastemballasjeavfallet blei gjenvunne i 2015. Plast kan leve i over tusen år, og enda meir før det blir brote ned. Fleire av plastprodukta med lang levetid vil også etter kvart bli utskifta. Plast som vert kasta ute i naturen kan medføre miljøfare, og lage store problem.

Når plast brenn gir det utslepp av klimagassen CO2. Eg synest at mange matvarer har alt for mykje plastemballasje rundt seg, for eksempel når vi kjøper fem nektarinar så er dei i ei plastboks, og dei har også plast rundt boksa. Dette er unødvendig.

VI MÅ TA VARE PÅ MILJØET!

Skrive av Sandra-Kristin Skjønberg, 11 år ved Stokksund skule.