Pass deg for mobbe-appen!

Ein app som har fått mykje omtale i det siste er Sarahah. Ein app som lar deg sende meldingar anonymt.

Åtvarar barn mot appen

Alexis Lundh, frå Ungdom og media, fortel til Framtida junior at Sarahah er ein typisk mobbeapp, der ein kan sende anonyme meldingar til kvarandre, utan å kunne spore opp kven som er avsendar. Han er klår i sin tale: – Saraha er ein typisk mobbe-app som ikkje er ein plass der barn skal vere.

Alexis meiner at dei vaksne har ansvar for å skjerme barna, og meiner det er viktig å vere tilstade og snakke med dei. Vaksne må henge med på kva barna held på med, og gje dei kunnskap om korleis ein oppfører seg.

– Du må lære deg å symje før du kan hoppe, og det er det same på sosiale medier. Ein må vite kva som er riktig og kva som er galt, seier Alexis Lundh.

Alexis trur ikkje denne appen kjem til å leve lenge, slik som mange andre appar har vist seg å gjere.

Appen blei laga til bedrifter

Appen blei laga for at ansatte i bedrifter skulle få gi anonyme tilbakemeldingar til sjefen. No er appen open for alle, og i appen kan du søke opp kven som helst, føresett at dei er registrert i appen med sitt verkelege namn.