Refleks reddar liv

Ifølge Trygg Trafikk, er dei vaksne dårlegast til å bruke refleks. Heldigvis er barna mykje flinkare. Iselin Refsnes Løvøy (10) er ein av dei.

Når hausten og vinteren kjem brukar Iselin alltid refleks. Iselin har ein skummel skuleveg. På delar av strekninga mot skulen er det ikkje gangveg, og bilane køyrer i 70 km/t. Det fyrste ho må gjere når ho går heimanfrå er å krysse hovudvegen, sjølv om det ikkje er fotgjengarovergang.

Det er skummelt å kome seg over vegen når eg skal på skulen, men eg har refleksvest, og reflekstrekk på sekken min. Så bilane skal kunne sjå meg, men dei køyrer fort, seier ho.

I tillegg har Iselin slapwrap-refleks ho brukar på armane. Ho har aldri vore i fare, men veit kor viktig det er å bruke refleks no når det er mørkt ute.

Iselin forklarar i detalj korleis ho kjem seg over vegen ved å sjå seg fleire gongar til venstre og høgre før ho spurtar over vegen.

No når det er mørkt må eg bruke synet og hørselen min. Eg kan kike inn i autovernet bort i svingen, seier ho og peikar mot svingen der bilane køyrer.

Er det lys der, må eg vente. I tillegg brukar eg hørselen min.

Det er mørkt, med berre nokre få gatelys – og det er heller ikkje mange naboar med opplyste hus i nærleiken.

Eg spring over vegen, og går alltid ned i grøfta. Der er eg trygg.

Iselin bur i Tjørvåg i Herøy kommune, men ifølge Trygg Trafikk er det ikkje på bygda dei fleste fotgjengarulykkene skjer.

Flest ulykker i fotgjengarovergang

Trygg Trafikk fortel at sjølv om det er gatelys er det viktig at ein brukar refleks. Dei fleste fotgjengarulykkane skjer i byar når folk skal krysse gata. Lys frå butikkar, bilar, bussar og trikkar gjer at du blir grå og usynleg, dersom du ikkje har refleks.

Difor må du bruke refleks, og sjå deg fyrst til venstre – høgre – og venstre igjen, før du går over fortgjengarovergangen.

Kva refleks bør ein bruke?

Det er mange ulike refleksar ein kan kjøpe, men det er forskjellig kvalitet på dei. Difor skal du bruke dei som er CE-merka. CE-merking tyder at produktet er godkjent av myndigheitene.

Det kan vere lurt å henge refleks slik at dei dinglar langs sidene, for då reflekterar dei lyset best. Det er også anbefalt å bruke slapwraper som du kan feste på armane eller føtene.

Trygg Trafikk sine reflekstips

  1. Heng refleksen i knehøgde. Då mottek den mest muleg lys frå billyktene.
  2. Vel refleks som bevegar seg når du brukar dei. Då syns dei best.
  3. Fest refleks i lommene på alle jakker, vesker og baggar.
  4. Du får kjøpt refleks på nett, i sportsbutikkar, apotek og i bokhandlarar.

Brukar du refleks?