Kva er høgtrykk og lågtrykk?

Du har heilt sikkert sett på vêrmeldinga at dei snakkar om høgtrykk og lågtrykk og plasserar L-ar og H-ar på kartet. Men kva betyr det? Statsmeterolog Matilda Hallerstig svarar Framtida junior.

Lufta er full av gass

Vi oppfattar luft som tomrom, men det er faktisk ikkje det. Det er gass som faktisk veg noko. Om du ser for deg to ballongar. Ein med helium og ein vanleg ballong, så vil du sjå at heliumsballongen stig oppover. Det gjer han fordi helium er lettare enn lufta.

Høgtrykk og lågtrykk

Når vi snakkar om lufttrykket snakkar vi om kor mykje lufta veg over ein spesiell plass og heilt opp til verdsrommet.

  • Lågtrykk: Områder der lufta veg mindre enn for områda rundt kallar vi lågtrykk. Det blir lågtrykk når lufta varmast opp og blir lettare. Då manglar det luft ved bakken og ein får lågtrykk
  • Høgtrykk: Område der lufta veg meir enn områder rundt kallar vi for høgtrykk. Det blir altså høgtrykk når lufta synk ned mot landjorda.

Kan vi merke trykkforskjellen?

For dei fleste er lufttrykket berre eit tal. Vi menneska blir ikkje trykt ned mot bakken av høgtrykk, og vi blir ikkje lettare av lågtrykk. Det er vanskeleg å kjenne dei ulike lufttrykka.

Men vi blir ofte i godt humør av høgtrykk, for det forbind vi ofte med fint vêr og lite vind, sjølv om det også kan bety at vi får tåke.

H og L

Så neste gong du ser ein H på kartet kan du hugse at det mest truleg er finevêr i vente. Og kjem det ein L, vil det mest truleg blir kaldare og regn dei nærmaste dagane.