Denne mannen er grunnen til at me har vintertid og sommartid

Det var den tyske keisaren Vilhelm II som under 1. verdenskrig innførte sommartid i Tyskland - nærare bestemt i april 1916. Kvifor vart det slik?

Keisar Vilhelm II ville spare kol, og fann ut at arbeidstida burde starta tidlegare, og slutta tidlegare. Då fekk dei ein time ekstra lys. Snart følgde mange land etter.

Ei innføring av sommartid var noko ein snakka om i fleire hundre år, og det er Benjamin Franklin som har fått æra av å introdusere ideen i 1784. Men det gjekk lang tid før ideen vart innført.

Tanken var altså å spara drivstoff ved å redusere bruken av kunstig lys på kvelden.

Klokka i Noreg

I Noreg er sommartida blitt kutta ut og innført fleire gonger, siste gong i 1980. Under bakken på Kjeller ved Lillestrøm ligg Justervesenets tidslaboratorium. På denne labben har dei heilt spesielle klokker som tel sekund og passer på den offisielle norske tida.

I helga var det altså igjen tid for å stille alle klokker frå sommartid til vintertid. I Noreg vekslar me mellom vintertid og sommartid siste helga i mars og siste helga i oktober.

Fram og tilbake

Det evige spørsmålet mange stiller seg er om klokka skal stilles fram eller tilbake ein time. Veit du det?

No på hausten skal me stille klokka tilbake. Når mars kjem kan du tenke deg at me stiller klokka fram mot sommaren, altså ein time fram.

Natt til søndag stilte vi klokka ein time bak. Kanskje du merka det ekstra godt i dag tidleg når du skulle på skulen? Sov du til klokka ringde eller vakna du lenge før? No vert det litt lysare på morgenen ei stund framover, men det vert også tidlegare mørkt på kvelden. Så, kva er viktig å hugse då? Refleks!

Er det på tide med berre sommartid eller berre vintertid? Kva meiner du? Send gjerne ditt lesarinnlegg til svein@framtida.no.

 

Kilder: Timeanddate, Wikipedia, Forskning.no