No skal me stilla klokka mot sommar

Natt til søndag 28. mars stiller me klokka ein time fram. No går me endeleg mot lysare tider og slutten av korona-pandemien, seier næringsministaren.

– No gjer eg det eg kan for å få oss litt nærare klemming, familiebesøk, fest og konsertar, og litt lengre unna dette kjipe året me har lagt bak oss. No kjem vi ein time nærare sommaren og betre tider, og det skjer ikkje eit minutt for tidleg, seier næringsminister Iselin Nybø (V) i ei sak hjå regjeringen.no.

Nybø har ansvar for Justervesenet, ein statleg etat i Noreg, som ligger under Nærings- og fiskeridepartementet.

Justervesenet har mellom anna ansvar for nasjonale normalar for måleeiningar, og kontrollen av desse. Det betyr at Nybø også har ansvar for at tida er nøyaktig i Noreg.

Foto: Nærings- og fiskeridepartementet

Skulle ønske ho kunne skru tida endå meir fram

– Mange er med god grunn lei av heimekontor, heimeskule, stengde restaurantar og pandemi. No kjem me ein time nærare målstreken, men eg skulle ønska at eg kunne skru tida endå meir fram, seier næringsministeren.

Direktøren i Justervesenet, Geir Samuelsen, er enig med næringsministaren.

– Tid er ferskvare – fyll ho med det som gjer deg glad. Det kan til dømes vera å gleda seg litt ekstra til sommaren. Det går faktisk mot lysare tider no, seier han.