Kraftig regn har ført til flaum i nordlege delar av Australia. Over 1000 menneske er evakuerte, og politiet åtvarar folk mot å gå ut i vatnet fordi det kan vera krokodiller der.
Nye tal viser at våren i Noreg varer lenger enn før. Det betyr at me får fleire dagar med vårvêr. Forskarar meiner klimaendringar kan vera ein av grunnane.
Når det er krig i verda, skjer det mykje som påverkar økonomien. Sjølv om krig er alvorleg og farleg, kan nokre land likevel tena pengar. Noreg er eitt av dei fordi me sel olje.