Dvergflodhest
- Vekt: 200–280 kilo
- Lengde: 1,5-1,8 meter
- Lever vilt i landa Elfenbeinskysten, Guinea, Liberia og Sierra Leone i Afrika.
Kjelde: wikipedia.org og iucnredlist.org
Etter ein sju månader lang graviditet fødde den 20 år gamle dvergflodhesten Kindia. Berre etter nokre minutt stod dvergflodhest-kalven på beina, og etter nokre timar både gjekk og dia han, står det i ei pressemelding frå Toronto Zoo.
Alt er bra med Kindia og kalven hennar no. Likevel kan det vere utfordrande for kalvar av denne arten å overleve og bli vaksne. Mor Kindia sikra rett nok at dottera Penelope som vart fødd i 2018 voks trygt opp.
– Våre tilsette skal følgje nøye med på Kindia og kalven døgnet rundt desse fyrste dagane, for å vere sikre på at alt går bra, står det i pressemeldinga.

Viktig med ein slik fødsel
– Å ønskje ein dvergflodhest-kalv velkommen handlar om mykje meir enn ei feiring av nytt liv. Dvergflodhest-arten er utryddingstruga og deira ville populasjon fortset å gå ned, seier sjefen i Toronto Zoo.
I dag er det mellom 2000 og 2500 dvergflodhestar som lever i naturen, utanom dyrehagar. Det er mellom anna på grunn av nedbygging av natur, jakt og landbruk at det blir færre og færre av dverflodhestane i det fri.
Toronto Zoo er rett nok blant dei som jobbar for å ta vare på arten, mellom anna ved å sikre at individ formeirar seg slik som Kindia. Samstundes jobbar dyreparken for å vareta ville dvergfloshestar på Elfenbenskysten i Afrika.





















