Gratulerer! Det er sommar og skulefri | Framtidajunior.no

Gratulerer! Det er sommar og skulefri

Pixabay
ILLUSTRASJON: Pixabay

No har skulane i Noreg tatt ferie. Det er sikkert mange barn som skal gå på SFO/AKS nokre veker til. Kanskje nokre skal gå på sommarskule, også?

Det er iallfall tid for sommarhygge, og vi i Framtida junior ønskjer deg ein riktig god sommar. Vi håper du får leike, oppleve og lære ein heil del i dei fine sommarvekene utan skule og lekser.

I løpet av sommaren vil det framleis kome litt saker på Framtida junior, for vi tek ikkje heilt ferie. Det er mange kvissar på sida vår, og saker du kan lese.

Vi ønskjer også bokmeldingar, så om du les ei god bok i sommar tek vi gjerne imot ei bokmelding frå deg.

Kva meiner du?

89 svar

Har du vorte veldig svolten etter bading?

Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.

Les vidare

Utforsk meir