Når du lurer på om du skal gi råd:
- Prøv å forstå kva den andre føler og tenkjer før du gir eit råd.
- Bruk medkjensla di. Lev deg inn i det venen din ber om råd om, tenk på og kjenn etter korleis det hadde vore for DEG i den situasjonen.
- Gi uttrykk for at du forstår venen din sine følelser. Vis medkjensle. Sei at du forstår, og set ord på det du tenkjer. Ofte er det nok å berre bli forstått i ein vanskeleg situasjon.
- Viss du kjem på lure ting venen din kan tenke eller gjere i situasjonen, prøv å foreslå det. Det er ikkje du som bestemmer korleis venen din skal takle situasjonen, men du kan kome med forslag.
- Viss du synest det er vanskeleg å setje deg inn i situasjonen til venen din, må du tenkje på om rådet ditt vil gjere situasjonen verre eller betre.
- Det kjem sjølvsagt an på kva situasjonen handlar om – om det er noko alvorleg som har skjedd, eller du syns det er vanskeleg å gje råd, snakk med ein vaksen.
Kva tid bør eg søkje råd:
- Når du blir plaga av følelsane dine.
- Når du ikkje veit kva som er lurt å tenkje eller gjere.
- Om det er ei vanskeleg eller viktig oppgåve du skal løyse. Som til dømes om du ser at nokon blir mobba, og du lurer på kva du skal gjere for å hjelpe.
- Viss nokon har fortalt deg ein vond hemmelegheit.
- Viss du har prøvd å løyse ei oppgåve, men står fast og ikkje kjem vidare.
Kven skal du søke råd hos?
- Tenk over kven du søkjer råd hos ut frå kva du lurer på.
- Vel nokon du stoler på, ein person som du trur kan hjelpe deg på ein god måte.
- Snakk med ein god ven eller klassekamerat, foreldra dine, andre i familien, helsesøster, læraren din, eller andre vaksne du stolar på.
- Kjenner du at du ikkje har nokon rundt deg du kan snakke med, ring alarmtelefonen for barn og unge. Telefonnummer: 116 111.