Jernalderen har fått dette namnet fordi folk som levde på denne tida byrja å bruke jern til å lage reiskap og våpen. Dette førte til at det var lettare å skaffe seg mat. Dei kunne mellom anna lage kniv, kokekjelar, sverd, brynjer, saks. Rett og slett ting som gjorde det lettare å leve.
Vikingtid
Jernalderen byrja omkring 500 f.kr. og heldt på til om lag 1050 e.kr. Perioda delast opp i to: Den eldre- og Den yngre jernalder. Vikingtida i Noreg er ein del av den yngre jernalderen. Og den som kanskje er mest kjend her i Noreg.
Då dei klarte å lage skikkeleg verktøy blei det også lettare å bygge båtar, som gjorde at vikingane reiste rundt på vikingtokt.
Dei budde saman med dyra
Menneska budde i langhus. Dette var hus som hadde ein eldstad midt i huset. Langs veggane var der sitjeplassar. I eine enden budde ofte dyra om vinteren. Dyra gav mykje varme, men det har sikkert lukta veldig stramt.
Jakt, fiske og jordbruk
Etter at dei klarte å lage jern vart det også lettare å lage våpen og reiskap som hjalp til med å skaffe mat. Dei klarte å lage pilspissar, spyd og fiskekrokar av jern. Før dette hadde dei blant anna brukt bein og stein.
Dei klarte også å lage reiskap som gjorde det lettare å drive jorddyrking.
Jakt, fiske og jordbruk vart dei viktigaste næringskjeldene til mat.
(Artikkelen held fram etter videoen).
Sjå video om Jernalderen
Eit liv etter døden
I gravene brukte dei å legge ting av verdi som skulle følgje den døde vidare på reisa. Dei trudde nemleg at livet fortsette etter døden. Det mest vanlege som er funne i graver er kammar av bein. Men menn fekk ofte med seg jakt- og jordbruk-reiskap. Kvinner fekk med seg kjøkkenreiskap, smykker og nøklar, for på den tida var det kvinnene som bar rundt med nøklane til husa.
Menneska levde i snitt til dei var i starten av 30-åra. Grunnen til den låge alderen er i hovudsak krig, sjukdom og at mange barn døydde tidleg.
Korleis laga dei jern?
Menneska fann malm i myra. Denne malmen tok dei og brann, til det blei eit raudt pulver. Dette pulveret tok dei og la inn i ein omn. Til slutt blei det til ein jernklump som smeden tok seg av og laga reiskap av. Dette var ein lang og vanskeleg prosess.