I 1943 gav zoologist Konrad Lorenz ut ei bok der han skildrar korleis menneske blir påverka av babyar sin utsjånad: Store auge, stort hovud og mjuke kroppar gjer at me får lyst til å beskytta dei, og sørga for at dei har alt dei treng.

Allereie frå me er tre år føretrekk me menneske og dyr med store auge, korte naser og store ansikt. Det har forskar Marta Borgi funne ut i studiane sine.
– Søtheit i dyr sine ansikt er noko me er tiltrekt av veldig tidleg, fortel ho til BBC i eit intervju.
Veterinærar åtvarar
Bilder av slike styggsøte dyr er innimellom ein trend på sosiale medier, spesielt hundar av rasen mops eller bulldogg. Dette aukar nok ønsket blant folk om å få seg ein slik styggsøt hund.

Det dumme er at desse rasane diverre ofte har store helseplagar, som pustevanskar, augesjukdomar og hudinfeksjonar, nettopp på grunn av dei styggsøte ansikta sine.
Veterinærar frarådar derfor folk å skaffa seg hund av desse rasane. Heldigvis finst det veldig mange andre søte rasar å velja i.
Les også: Oppmodar familiar til å snakke om dyrevelferd






















