Skummel halloween-kalender inspirert av «Hans og Grete»

Ei gammal segn, ei ekte heks og ei nedteljing mot halloween dannar bakteppet for den nye spenningsboka «31 dagar i oktober».

– Opphavleg var ideen å skriva fire bøker, ei for kvar årstid. Eg har skrive sommarboka «Katteskriket». Så tenkte eg at haustboka kunne ha halloween-tema, og at juleboka kunne vera ein julekalender. På eit tidspunkt blei dei to ideane til ein: Ein halloween-kalender!

Då forfattar Guro S. Auganes byrja å skriva boka, var planen at tre hovudpersonar skulle dela på merksemda. Men undervegs skjedde det noko uventa.

Illustrasjon: Bård Sletvold Torkildsen

– Eigentleg hadde eg tenkt at dei tre hovudpersonane i boka skulle vera meir likeverdige og fortelja kvar sin del – men så tok Odin over. Akkurat kvifor er eg ikkje sikker på. Han er den mest forsiktige av dei, så det er litt rart.

Odin må både stå framfor eit publikum, prøva å passa inn og møta ei ekte heks. Forfattaren synest det er vanskeleg å velja kva av dette han fryktar mest.

– Vanskeleg spørsmål! Han er jo ikkje verdas tøffaste, så alle dei tinga er skumle for han på forskjellig vis. No syner det seg at Odin skal møta endå større utfordringar i løpet av forteljinga – og då kjem nye sider av han fram.

Ei heks som et barn

I boka får lesarane høyra segna om heksa i Skoglia, som bortførte og åt barn. Inspirasjonen kjem frå det gamle eventyret «Hans og Grete», som handlar om to sysken som blir etterlatne i skogen. Der finn dei eit hus laga av søtsaker. I huset bur det ei heks som lokkar barna inn og planlegg å eta dei. Til slutt klarer Hans og Grete å lura heksa og sleppa unna.

Illustrasjon: Bård Sletvold Torkildsen

Forfattaren tok utgangspunkt i spørsmålet om det skremmande eventyret kunne ha vore meir enn ei oppdikta historie.

– Segna er rett og slett inspirert av eventyret «Hans og Grete», som jo er ei skrekkeleg forteljing. Kva om eventyret er basert på noko ekte som har hendt – og kva om heksa lever enno? Det var utgangspunktet mitt då eg begynte å skriva.

Får hjelp til å skriva skumlare

Når ein skriv for barn, må ein finna balansen mellom det som er spennande, og det som blir for skummelt. Det er ikkje alltid lett å vurdera åleine.

– Det er veldig vanskeleg! Eg må ha hjelp. Det er fint å ha redaktør til slikt.

– Ho pleier å seia at eg kan skriva skumlare, for eg er nemleg lettskremt.

– Då eg skreiv den fyrste boka, hjelpte jentene mine meg også, men no har dei blitt for store.

Sjølv om forfattaren er lettskremt, er ho svært glad i høgtida boka tel ned til. Ho fekk for alvor sansen for halloween då ho budde i utlandet.

– Eg elskar halloween! For lenge sidan studerte eg i Canada, og der var halloween stort: barn, ungdom og vaksne kledde seg ut. Eg syntest det var skikkeleg gøy. Då eg drog heim att til Norge, var eg lei meg for å forlata halloween-feiringa – men så blei det stort her heime også! Hurra!

Illustrasjon: Bård Sletvold Torkildsen

Blei svimmel langt ute i fjorden

Det skumlaste forfattaren sjølv har opplevd skjedde på ein symjetur i Oslofjorden då ho var i byrjinga av 20-åra. Ho var på så djupt vatn at ho ikkje kunne stå på botnen.

– Plutseleg blei eg skikkeleg svimmel og heldt på å svima av. Eg fekk lagt meg på ryggen og flaut i vatnet medan alt snurra rundt og rundt, og eg hadde ei kjensle av å falla. Det kjendest ut som eg var i ein malstraum og blei trekt nedover i vatnet. Det var skikkeleg ekkelt! Men så visste eg jo at eg låg heilt i ro, og så gav snurringa seg, litt. Då sumde eg nokre tak, til eg blei svimmel att og måtte leggja meg tilbake på ryggen. Sakte, men sikkert kom eg meg tilbake til stranda og opp på land – så det gjekk jo bra. Og berre så det er sagt: Eg er veldig glad i å symja og å bada. Men eg gav meg med å symja langt ut åleine etter dette.

Blandar humor og uhygge

Bård Sletvold Torkildsen har illustrert boka.

– Eg synest teikningane er heilt fabelaktige! Dei er skumle og morosame på same tid. Og ja, eg trur nok sjølve skogen har blitt skumlare no – og han er jo viktig i forteljinga.

Illustrasjon: Bård Sletvold Torkildsen