Det norske landslaget har ikkje alltid vore fullt av superstjerner og VM-drøymar. Faktisk starta det heile med eit knusande 11–3-tap mot Sverige.
No har forfattar Halvor Mjaugedal skrive bok om historia til det norske herrelandslaget – frå dei første kampane i 1908 og fram til dagens lag med Erling Braut Haaland og Martin Ødegaard.

Kvifor ville du skriva ei bok om det norske herrelandslaget i fotball?
– Ideen til boka kom då eg innsåg at barn i dag kanskje ikkje veit så mykje om tida før Haaland og Ødegaard.
Det har nemleg vore mange år med nedturar og skuffelsar, og først når ein veit om denne tunge tida skjøner ein kor kult det faktisk er at Noreg skal til VM no!

Kva meiner du er det mest spennande kapittelet i historia til landslaget?
– Det aller mest spennande skjer i VM no i sommar! Det kriblar i magen min berre av å tenkja på det.
Men det er mange bra historier frå gamle dagar òg. Denne boka startar med byrjinga til landslaget, heilt tilbake i 1908. I den første kampen vart me knuste av Sverige 11–3, og etter det vann me ikkje ein einaste kamp på over ti år! For ein forferdeleg start.
Heldigvis vart det betre etter kvart. Historia om «Bronselaget» frå 1936 er det kapittelet som har vore mest spennande for meg å læra om. Det er nemleg laget som vann herrelandslaget sin einaste medalje nokosinne: bronsemedalje i OL i Tyskland i 1936. Den mest kjende kampen frå denne meisterskapen kom i kvartfinalen då Noreg banka sjølvaste Tyskland 2–0, med den tyske diktatoren Adolf Hitler på tribunen.
Hitler vart så rasande at han storma ut av stadion lenge før kampen var ferdig, og det blir sagt at dette var den første og siste fotballkampen Hitler nokosinne såg på.

Er det ein spelar eller ein kamp som gjorde ekstra sterkt inntrykk på deg medan du jobba med boka?
– Asbjørn Halvorsen hadde eg ikkje høyrt om før eg byrja å jobba med boka. Han er verkeleg ei stor legende. På 1920-talet var han ein solid spelar på landslaget, før han flytta til Tyskland og byrja å spela for Hamburger SV. Der vart han etter kvart kaptein for laget og ei stor stjerne i tysk fotball. Men det er når han legg opp som spelar at han verkeleg blir historisk. Han blir nemleg Noreg sin landslagstrenar, og det er han som leier laget som til slutt vinn bronsemedaljen i OL.
Livet hans tek ei dramatisk vending under andre verdskrigen. Når tyskarane invaderer Noreg, vil dei bruka Assi og landslaget til å bli betre likte av nordmenn. Assi nektar å samarbeida med dei, og blir send til ein forferdeleg konsentrasjonsleir, der han sit i fangenskap resten av krigen. Han levde litt av eit liv, og resten kan ein lesa i boka.

Kva er favorittspelaren din?
– Eg var 15 år gammal då Martin Ødegaard fekk sin første kamp for Real Madrid. Han kjem alltid til å vera verdas kulaste i mine auge. Og måten han har kjempa seg ut av ei tung tid i karrieren, der dei fleste hadde mista trua på han, til no å vera ein av dei beste spelarane i verda, er heilt utruleg imponerande.
Kva håpar du barn og unge sit igjen med etter å ha lese boka?
– Eg håpar ein sit igjen med ei kjensle av at landslaget samlar heile landet. Gamle og unge samlast for å sjå landskamp. Til og med folk som ikkje liker fotball følgjer med når landslaget spelar.
Passar boka også for dei som ikkje kan så mykje om fotball frå før?
– Ja, her finst det historier frå banen og utanfor banen.

Kva synest du gjer dagens landslag så spesielt?
– Dagens lag er stappfullt av superrike superstjerner, men når ein ser videoar av dei frå banen og på trening, så verkar dei som ein heilt vanleg gutegjeng som berre køddar rundt og har det moro saman.
Når byrja du sjølv å bli interessert i fotball og landslaget?
– Eg starta å spela fotball då eg var seks–sju år gammal, men då var ikkje landslaget særleg bra. Me var på fleire kampar på Ullevaal, og dei fleste enda i skuffelse. Det er kanskje dei siste seks åra at det har vorte spennande, og at ein no har ei bra utvikling på gang.
Korleis var du som barn?
– Eg hadde to hobbyar: fotball og teikning. Og så las eg teikneseriar heile tida, særleg om dei handla om fotball.





















