Fem fakta om Tanzania:
- Ligg i Aust-Afrika og grensar til land som Kenya, Uganda og Mosambik, og har kyst mot Indiahavet.
- Har Afrikas høgaste fjell, Kilimanjaro (5895 moh.).
- Hovudstaden er Dodoma, medan Dar es Salaam er den største byen.
- Offisielt språk er swahili, og engelsk blir også mykje brukt.
- Har over 60 millionar innbyggjarar og er eit av dei mest folkerike landa i Afrika.
Dette er flagget til Tanzania:

Kjelde: Wikipedia
Psykolog Solfrid Raknes er engasjert i prosjektet Uhuru Mama i Tanzania. No er det starta ei innsamling for å gi barna ein sjanse til å oppleva safari.
– Det handlar om å opna tankane for kva som er mogleg, seier ho.
Raknes forklarer at mange av barna og mødrene lever i fattigdom, og at ferie og opplevingar er noko dei fleste aldri får.
– For mange er det ikkje vanleg å reisa på ferie. Dei fleste har aldri vore på safari. Når dei då får slike opplevingar, kan det kjennast som eit «wow» – at verda plutseleg blir litt større.

Mange ville dyr å oppleve
– Me trur det er om lag 60 000 elefantar i Tanzania, 16 000 løver og 100 000 sjiraffar. Tanzania blir av mange rekna som det beste landet å reisa til dersom ein vil sjå ville dyr, så det kjem mange turistar hit, fortel Raknes.
– Sjiraffen er nasjonaldyret i Tanzania. I tanzanianske eventyr og andre historier som blir fortalde til barn, handlar det ofte om dei lokale dyra – sjiraffar, elefantar, sebraer, løver og krokodillar, legg ho til.

Noko å sjå fram til
Målet med innsamlinga er å gi barna ei slik oppleving – noko å sjå fram til.
– Det gir noko å gleda seg til. Og det gir ei kjensle av verdigheit, seier Raknes.
Særleg for barn med funksjonsnedsetjingar og familiane deira kan dette vera ekstra viktig.
– I mange land, også i Tanzania, har foreldre til barn med funksjonsnedsetjingar mykje større risiko for å bli deprimerte, seier ho.
Ho fortel at mange av mødrene i prosjektet har ein krevjande kvardag.
– Dei brukar mykje tid på omsorg, og har ofte mindre moglegheit til å jobba.
Heksekrefter og overtru
Samtidig kan dei oppleva stigma – at andre ser annleis på dei eller barnet deira. I nokre miljø kan funksjonsnedsetjingar bli forklarte med overtru, som at barnet er ramma av heksekrefter, eller som ei straff frå Gud.
Det kan gjera situasjonen ekstra tung for familiane. Nokre byrjar også å klandra seg sjølve.
– Mange tenkjer: Har eg gjort noko gale? Er dette mi skuld? seier Raknes.

Pause frå det vanskelege
Raknes meiner det er nettopp derfor slike opplevingar er viktige.
– Når ein får gode opplevingar, kan ein få ei pause frå det vanskelege. Ein kan vera til stades her og no, kjenna glede og vera saman med andre.
Ho peikar også på at det å jobba mot eit mål saman kan bety mykje.
– Når dei veit at noko er mogleg, og jobbar for det, gir det håp. Då blir ikkje draumen så fjern lenger.
For mange kan safari verka heilt uoppnåeleg.
– Eg trur nokre nesten ikkje tør å håpa på det, seier Raknes.
Men nettopp derfor kan det få stor betydning om det skjer.
– Det viser at noko som verkar umogleg, faktisk kan bli verkeleg.




















