Hilale (8) lærer språket uigurisk

Å lære språk gjer hjernen sterkare, smartare og meir smidig, seier hjerneforskar.

Uigurisk
  • Uigurisk er eit tyrkisk språk.
  • Språket blir snakka av uigurar, ei folkegruppe som kjem frå Kina, Kasakhstan, Usbekistan og Kirgisistan.
  • Kinesiske myndigheiter hindrar uigurar i å seie kva dei meiner, utøve religionen sin og bestemme over området der dei bur. Mange uigurar har derfor flykta til andre land.
  • Sidan 2017 har Kina forbode undervisning i uigurisk.
  • Uigurisk språk- og måleverkstad for barn er arrangert av den frivillige organisasjonen Uyghur Help og støtta av Bergen kommune.

Kjelde: Vesle norske leksikon, FN

LES FAKTALUKK FAKTA

Rundt bordet på biblioteket går praten på ulike språk. Ord og setningar på norsk, engelsk, koreansk, spansk, russisk og uigurisk fyller lufta.

Uigurisk er eit språk mellom ni og fjorten millionar menneske snakkar. I Bergen er det om lag 300 uigurar, ei folkegruppe som har uigurisk som morsmål. Nokre av barna møtest om laurdagane på biblioteket for å lære språk og øve på teikneferdigheiter.

– Eg liker å vere ugiur! Uigurisk er eit fint språk, og vi har fargerike klede, seier Hilale Borhali mens ho teiknar ein doppa, ein tradisjonell hatt for uigurar.

Barna på språk- og teikneverkstaden får ulike teikneoppgåver, samtidig som dei lærer om uigurisk kultur og språk. Det er ein språksterk gjeng som møtest denne laurdagen.

– Eg snakkar japansk, norsk, engelsk, uigurisk, og så kan eg eitt koreansk banneord, fortel Uyguriye Weli (12).

– Eg snakkar fire språk: norsk, engelsk, uigurisk og litt russisk, seier Azat Bilal (10).

Heimlandet til uigurane ligg mellom Russland og India, så nokre ord i språket er låneord frå russisk. Gjengen rundt bordet er einige i at eitt språk er lettare enn andre å lære.

– Engelsk er kjempelett! Det er så mange som snakkar det, og det er overalt, så det er lett å lære, meiner Uyguriye.

LÆRER KULTUR OG SPRÅK: Mesude Weli forklarer korleis dei skal teikne ein doppa. Foto: Synne Ulltang

– Uigurisk er mitt språk

Av dei som har møtt opp på biblioteket, er det berre Alma Skadberg (13) som ikkje er uigur og har uigurisk som morsmål. Ho er venninne med Uyguriye, og synest det er kjekt å lære noko av språket hennar.

– Nokre gonger når Uyguriye snakkar med foreldra på telefon, så kan eg seie etterpå «Eg veit kva du sa»! seier Alma.

Foreldra til dei andre rundt bordet, er nemleg uigurar.

– Eg ønsker å lære uigurisk fordi då kan eg snakke med foreldra mine. Viss du ikkje kan uigurisk, forstår du jo ikkje kva uigurar seier, fortel Uyguriye.

– Eg ønsker å lære uigurisk fordi det er mitt språk! seier Hilale.

Når ein kan mange språk, byter ein automatisk mellom språka

Praten rundt bordet går vidare mens doppaane blir skissa ned på arka. Det er lett å byte frå eit språk til eit anna.

– Det skjer berre automatisk for meg, eg tenker ikkje over det. Når andre snakkar uigurisk, så snakkar eg uigurisk, og viss det er engelsk, så snakkar eg engelsk. Eg byter ofte mellom dei ulike språka eg kan, seier Uyguriye.

Ho meiner det er mange fordelar med å kunne fleire språk.

– Det beste er at du kan reise til eit anna land og snakke det språket. Men viss du kan mange språk, er det også gøy å kunne lure eller irritere folk, seier ho.

– Og viss du kan mange språk, då kan du snakke med alle, meiner Hilale.

YIMISH: Når ein tar bilde, seier ein ikkje «cheese» eller «smil» på uigurisk, men yimish. Det betyr «rosiner». Frå venstre Alma Skadberg (13), Mirigul Mosa, Azat Bilal (10), Uyguriye Weli (12) og Hilale Borhali (8). Foto: Synne Ulltang

Å lære språk gjer hjernen sterkare, smartare og meir smidig

Men kva er det eigentleg som skjer inni hjernen når vi snakkar og høyrer språk? Hjerneforskar og lingvist Marit Lobben forklarer prosessen i ein e-post:

– Når du høyrer språk, går lydane inn i øyra og vidare til hjernen. Der finst det eigne område som er ekstra flinke til å kjenne igjen lydar, ord og meining. Når du snakkar, gjer hjernen fleire ting på ein gong: Han tenker ut kva du vil seie, han vel dei rette orda, og han styrer munnen, tunga og leppene slik at du kan seie orda høgt. Alt dette skjer veldig raskt, fordi hjernen bruker sterke signalvegar som han har øvd på mange gonger.

– Kva skjer i hjernen når vi lærer eit nytt språk?

– Då må hjernen lære nye lydar, nye ord og nye reglar. I starten må hjernen jobbe ekstra mykje, og det kan kjennast vanskeleg. Men kvar gong du øver, blir signalvegane litt sterkare. Etter kvart går språket meir av seg sjølv – då har hjernen bygd gode og raske vegar for det nye språket, seier Marit.

Å lære eit nytt språk, er god hjernetrening, fortel hjerneforskaren.

– Viss du kan fleire språk, blir hjernen både flinkare til å byte til eit anna språk, men også til å skifte mellom tema eller aktivitetar. Å lære språk gjer hjernen sterkare, smartare og meir smidig.

Marit Lobben forskar på hjernen. Foto: Privat

Men det er forskjell på kor lett eller vanskeleg eit språk er å lære. Marit fortel at det har litt å seie kor likt eller ulikt språket du lærer er språk du kan frå før, og kor mykje du høyrer og bruker språket. Det kan forklare kvifor barna på biblioteket synest engelsk er lett å lære.

Men det er også viktig om du synest språket er gøy.

– Hjernen lærer best når han er nysgjerrig og motivert. Derfor hjelper det å vere i godt humør og litt morosam når du skal lære noko nytt! Då sit kunnskapen betre. Det hjelper også å prate sjølv, heller enn å berre lytte eller sjå på andre. Då set kunnskapen seg i kroppen og blir hugsa betre.

– Kva er fordelane med å vere fleirspråkleg?

– Å kunne fleire språk er bra for hjernen: Hjernen blir flinkare til å skifte mellom ting, du blir betre til å fokusere og konsentrere deg, du kan snakke med fleire menneske, og du forstår betre at ein ting kan seiast på fleire måtar. Det er som å ha fleire verktøy i hjernen.

Ta deg tid viss du vil lære eit nytt språk

Doppaane er fargelagde og barna rundt bordet skriv namna sine på uigurisk på teikningane. Dei meiner det tar tid å bli god i språk.

– Det er aldri lett å lære eit nytt språk, og det skal ikkje vere lett heller. Men viss du har ein god lærar, då kan du lære fortare. Så er det viktig å ikkje stresse, men ta deg tid, seier Uyguriye.

– Mitt tips er å begynne med dei lettaste orda, seier Hilale. Hennar favorittord på uigurisk er ay, som betyr måne.

Azat er einig, og tipsar om å også lære seg ei setning som du kan seie ofte.

– Favorittsetninga mi på uigurisk er: Yana 5 minutt uhlay. Det betyr: La meg sove fem minutt meir. Den setninga seier eg dagleg, smiler han.

EIGE ALFABET: Lærar Mirigul Mosa viser Hilale korleis ho skriv namnet sitt på uigurisk. På uigurisk skriv ein frå høgre til venstre, som på arabisk. Foto: Synne Ulltang