Forskar Olgerta Asko ved Universitetet i Oslo har målt aktiviteten i hjernen vår når vi blir overraska. Det skriv Forskningsnytt.
Forskaren lét nokre personar få høyre lydar som blei repetert. Så blei repetisjonen plutseleg broten. Personane hadde på seg ei hette som målte dei elektriske signala i hjernen.
– Viss alt blir som hjernen ventar, ser vi nesten ingen ekstra respons i det elektriske signalet. Overraskingane gir derimot eit tydeleg utslag i aktiviteten og fungerer som læringssignal, seier Olgerta Asko til Forskningsnytt.
Det var altså meir aktivitet i hjernen når repetisjonen blei brote og personane blei overraska.
Ein forsinka buss justerer forventningane til hjernen
Viss bussen du skal ta er sein, er det faktisk litt bra for hjernen din. Då må hjernen din justere forventningane sine.
– Og kanskje reiser du til eit land der bussen aldri kjem i tide? Då vil modellane i hjernen din truleg oppdatere seg på nytt. Slik hjelper hjernen oss til å tilpasse oss nye omgivnader og situasjonar, og slik gjer han livet mykje enklare for oss, seier Olgerta Asko.





















