
Kva handlar boka om?
– Arktiske mysterier handlar om forsking på Svalbard, og alt det spennande og rare som skjer i naturen rundt oss. Til dømes, kva et isbjørnen til middag? Eller kva er eigentleg nordlys? Og korleis kan du hjelpa forskarane?
Kvifor ville du skriva ei bok om Arktis?
– Svalbard er denne ville, utruleg vakre staden langt ute i havet, rett sør for Nordpolen. Her i nord ser me klimaendringane kvar einaste dag. Isbrear smeltar og det er plussgrader om vinteren. Eg synest det er viktig at fleire veit om dette. For med kunnskap er det lettare å ta vare på jorda vår!
Du bur på Svalbard – korleis er det å leva så langt nord, midt i naturen du skriv om?
– Eg har budd i Longyearbyen med familien min sida 2018. Yngstemann var berre tre månader gammal då me flytta nordover. Me har naturen tett, tett på. Eg kan sjå nordlys frå verandaen, snøskuteren står parkert utanfor døra, og om eg går 250 meter austover frå huset mitt, då bør eg ha med rifle, sånn i tilfelle det kjem isbjørn.
HÆ! Isbjørn!?! Er du ikkje redd heile tida?
– Neida, det er heldigvis veldig, veldig sjeldan me ser isbjørn nær byen. Men fordi me aldri veit heilt sikkert, er det viktig å ha med skremmemidlar. Me bruker ein signalpistol. Den ser ut som ein vanleg pistol, men skyt fyrverkeri som skremmer isbjørnen.

Kva er det mest spennande du har lært om forsking i Arktis medan du skreiv boka?
– At alt det som skjer i naturen heng saman. Sjå for deg eit Jengatårn. Om du skyv på dei nedste klossane, blir heile tårnet ustabilt. Sånn er det i naturen og. Det at det blir varmare om vinteren kan påverka plantane på tundraen, som igjen påverkar reinsdyra, som igjen påverkar revebestanden.
Kva trur du barn vil synest er mest fascinerande med Arktis?
– Eg skal vera ærleg, isbjørnen er kul. Boka startar med eit hytteinnbrot, der nokon har ete ein boks med Nugatti. Kan du gjetta kven? Men mange barn eg har snakka med synest dei små dyra er fascinerande òg. Hoppekreps til dømes! Hoppekrepsen er gigasterk samanlikna med storleiken! Og så er han ganske så viktig for alt anna liv i Arktis.

Korleis påverkar klimaendringane livet i Arktis – både for dyr og menneske?
– Dette kunne eg skrive ei heil bok til om! For dyra blir tilgangen på mat endra. Når havisen smeltar forsvinn middagstallerkenen til isbjørnen. Som eit resultat tek den turen opp på land og et reinsdyr i staden for sel. For oss menneske blir endra naturen rundt oss. Isbreane blir farlegare å bevega seg på, på grunn av sprekker. Der me tidlegare har køyrt med snøskuter over fjordar vinterstid, er det no ope hav.
Det er lett at ting blir litt tungt og trist når ein snakkar om klimaendringar, men eitt av måla med boka er å skapa håp! Det at det er tusenvis av forskarar som jobbar med å finna ut av kva som skjer, synest eg er roande. Forskarane gir informasjonen vidare til politikarane og dei som bestemmer, som så kan verna og ta vare på kloden.
Du skriv at boka forklarer kompliserte prosessar på ein enkel måte – korleis får du til det?
– Forsking kan vera ganske kompliserte greier, men eg prøver å forklara lesaren lag på lag – som i ein lauk! Ved å ikkje berre slengja ut ord som elektromagnetisk spektrum eller stjernespektroskopi, men faktisk forklara orda frå starten av, så blir ting enklare. Og så har eg utfordra forskarane eg har snakka med til å komma med døme som barn kan forstå. Til dømes at ein isbre bevegar seg litt som ein snickerssjokolade!
Har du sjølv opplevd noko mystisk eller spesielt i naturen på Svalbard?
– Eg synest det er heilt magisk å vera på båt nær (men likevel på trygg avstand) ein brefront. Isbitane som har falle av frå breen inneheld oksygenbobler. Når dei smeltar, kjem det mange små knatrelydar, det er så kult å høyra på! Og så elskar eg havhesten, som er ein vakker stormfugl. Den følgjer ofte etter båtar, og leikar seg langs ripa. Eg kan stå og sjå på den i timevis!

Kva håpar du barn og unge skal sitja igjen med etter å ha lesa boka di?
– Eg håpar boka vil bidra til at barn stiller oss vaksne litt til ansvar. Kvifor skreller me bananar og appelsinar og pakkar dei inn i eingongsplast? Kvifor tek me ikkje betre vare på naturen?
– Eg håpar også at barn og unge innser at dei aldri må slutta å stilla spørsmål! Forskarar er nysgjerrige, det er sånn dei kan finna svar på det som skjer i naturen rundt oss. Barnsleg nysgjerrigheit er veldig verdifullt som vaksen òg.























