Vanessa og Johanna snakkar om krig: – Ungar har større fantasi enn vaksne

På ein skule i Fjærland der 5.–7.-klassingar går i klasse ilag, møter Framtida Junior Vanessa og Johanna på ti år.

Vanessa Knobel Liseter (10) og Johanna Juklestad Mundal (10) slår av ein prat om krig inne på eit grupperom på Fjærland oppvekstsenter.

– Folk som kastar bomber, seier Vanessa om kva ho tenkjer på når ho høyrer ordet «krig».

– Å invadere eit land, seier Johanna.

Dei tenkjer på endå meir: Plassar som blir bomba, folk som døyr, folk som drep, tanks, bombefly og fattigdom. Personar som har det vondt.

Vanessa Knobel Liseter og Johanna Juklestad Mundal går på Fjærland oppvekstsenter i Sogn. Foto: Vilde Standal Bøyum

Skjermen på tannlegekontoret

Vi snakkar om kva det er dei ser av krig, og korleis dei vert påverka av ulike medium, som nyhende på radio og TV, eller sosiale medium.

Dei fortel at dei får med seg litt frå NRK Supernytt. Johanna tykkjer det er litt spanande å få med seg det som skjer i verda, medan Vanessa fortel at ho tykkjer det er trist å høyre om all krigen.

– Ein må jo vere litt klar over kva som kan skje. Men det er jo frustrerande å høyre om folk som døyr, det er jo heilt forferdeleg, seier Johanna.

– Eg hatar sånne TV-ar som heng på tannlegesenter og sånn, kjem Vanessa på.

Ho fortel at ho var på eit venterom og såg den alvorlege flykrasjen i India frå juni i år der 241 av 242 flypassasjerar døydde i ulukka.

UBEHAG: Vanessa er ikkje fornøgd med TV-ar plassert på offentlege stadar, som ved tannlegekontoret. Ho tykte det var ubehageleg å snuble over videoen av flykrasjen i India. Foto: Vilde Standal Bøyum

– Korleis reagerer de når de snublar over nyhende frå «vaksen»nyhende? 

– Eg føler at Supernytt, som er laga for ungar, kanskje er litt meir varsame. Men dei vaksne kanalane viser mykje om krig, seier Johanna.

– Dei har jo berre om krig no, skyt Vanessa inn.

– Kunne vore meg

Johanna fortel at, sjølv om det går bra, så er det ubehageleg å sjå slike nyhende.

– Ein kan sjå det og tenkje at det der kunne jo faktisk vore Noreg, seier Vanessa.

– Ja, «det kunne vore meg. Tenk om det skjer, då kan eg døy», legg Johanna til som tankar som kan dukke opp.

Dette er ting som dei kjenner dei kan bli redde av.

– Barn har jo større fantasi enn vaksne, så då kan vi jo innbille oss ting, seier Johanna.

Ho seier at eit eksempel er at når det blæs ekstra mykje, så kan ein førestille seg at det kjem eit jagarfly.

ULAR: Når vinden blir ekstra sterk i Fjærland, ular det mellom fjella. Då kan det høyrest ut som jagarfly. Foto: Vilde Standal Bøyum

«Russarane kjem!»

Det skjer at jagarfly kjem innover langs Fjærlandsfjorden eller over dei skarpe fjelltoppane som krinsar om bygda.

Det lagar eit veldig leven. Spesielt når det er to jagarfly.

– Eg hugsar førre gong, då var det ein annan elev her som skreik «russarane kjem!», seier Vanessa.

– Då var det rett over skulen her, det var kjempenært, seier Johanna.

Vanessa fortel at alle vart livredde og sprang inn for å gøyme seg.

– Det var mest gøy, eigentleg, då, seier Johanna.

DUM DRAUM: Johanna fortel at ho har hatt kjipe draumar om folk som kjem innover Fjærlandsfjorden med bombar og skrik. Foto: Vilde Standal Bøyum