Birgit Skarstein gir ut spørsmålsbok om idrett

Nyleg avslutta toppidrettsutøvaren Birgit Skarstein karrieren. No gir ho ut barnebok om idrett og mangfald.

Birgit Skarstein
  • 35 år frå Levanger i Trøndelag
  • Tidlegare oppdrettsutøvar i para-roing og para-langrenn
  • 12 VM-medaljar (åtte i roing og fire i langrenn)
  • Regjerande verdsmeister og verdsrekordhaldar i roing
  • La nyleg opp som toppidettsutøver – skal no mellom anna gi ut barnebok, jobbe for NRK og studere
LES FAKTALUKK FAKTA

– Det er ei veldig morosam bok – ei bok om sport og idrett. Samstundes har vi gjort ho så mangfaldig som mogleg, seier Birgit om boka «Hvorfor kan ikke dommarane score mål? Og 52 andre ting du lurer på om sport».

Boka Birgit har skrive saman med venninna si Susanne Kaluza kjem ut 7. februar. Her har venninnene samla svar på ei rekkje spørsmål om sport og idrett.

Ein kan mellom anna finne svar på korleis ein skyt pil og boge utan armar, kvifor ikkje skihopparar ramlar ned og korleis ein kan bli ein god lagspelar.

– Vi har også spørsmål om litt annleis idrettar, som e-sport og sjakk. I tillegg trekkjer vi fram nokre sportar vi ikkje ser så mykje av i Noreg, fortel Birgit.

VENNINNER: Birgit Skarstein har skrive boka saman med venninne Susanne Kaluza. Foto: Lina Hindrum

Har fått hjelp av barn

– Då vi skulle finne alle spørsmåla sat vi lenge og drodla og kasta veldig mange spørsmål opp i lufta, ler Birgit.

Foto: Cappelen Damm

Ho forklarer at testfamiliar med barn deretter gav tilbakemeldingar på om spørsmåla var spennande. I tillegg kom testfamiliane med eigne spørsmål dei lurte på.

– Eg håper boka skapar mykje nysgjerrigheit hos barn og unge – at dei finn fakta dei tykkjer er gøy og blir interessert i å lære meir, seier Birgit og fortset:

– I tillegg håper eg at boka kan bidra til openheit og inkludering – at alle kan finne noko eller nokon dei kjenner seg igjen i i boka.

Mangfald

Spørsmåla i boka er illustrerte, av Leonard Furuberg, med teikningar som til saman skal vise eit stort mangfald

– Eg trur veldig på eit mangfaldig samfunn som inkluderer så mange som mogleg av oss. Eg har kjent på viktigheita av det sjølv, sidan eg har ei annleisheit, seier Birgit som er lam frå livet og ned.

Ho fortel at ein i boka kan ein sjå alle moglege hudfargar og ulike fysiske trekk. Det er store kroppar og små kroppar, høge kroppar og låge kroppar.

LANGRENNSLØPAR: Birgit Skarstein under VM i snøsport for parautøvere på Lillehammer i 2022. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

I tillegg har forfattarane vore bevisste på å vise at jenter ikkje berre driv med dans og leik, mens gutane driv med tøff idrett.

– Vi viser jenter som taklar kvarandre, jenter som er dommarar og vi ser jenter og gutar på same lag.

Tre kjappe

FILOSFI: “Sofies verden” er bok av Jostein Gaarder. Boka handlar om Sofie som bruker mykje tid på å tenke og gruble. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

– Likte du å lese som barn?

– Eg elska det. Eg var ein skikkeleg lesehest. Det eg elska med å lese var at ein kunne dykke inn i ei verd ein ikkje kjenner til vanleg. Eg syntest det var veldig å spennande å lese bøker som handla om korleis det var i andre land og andre kulturar – andre verkelegheiter.

Kva favorittbok hadde du som barn?

– Eg hadde mange bøker eg var glad i. Mellom anna ein bokserie der kvar bok handla om eitt land. Elles er «Sofies verden» ei veldig fin bok. Der blir det stilt så mange spørsmål som fekk meg til å tenke og bli nysgjerrig.

Foto: Lina Hindrum

– Kva skulle du ønskje du visste som barn, som du veit no?

– Eg var eit barn som var oppteken av å gjere alt rett, så eg skulle ønskje at eg visste at ting som regel alltid går bra. Så lenge ein prøver å vere snill med dei rundt deg, så ordnar det seg med resten.