Jan Tore Sanner, som er Kunnskaps- og integreringsminister, svarar at dei to jentene ikkje er åleine om å ønskje seg teiknspråk inn i skulen.
– Mange, både vaksne og born, har skrive til departementet og bede oss om å sjå på korleis norsk teiknspråk kan få ein større plass i skulen, skriv han.
Sanner seier han skal ta tak i dette, og at han ventar på ei utgreiing frå Utdanningsdirektoratet. Når den kjem, skal regjeringa bestemme kva som skal skje.
Har tru på Sanner
– Så fint at me har fått svar! Eg håpar det no vil skje ei endring, seier Lea Synneva Andersland.
– Dette høyrest veldig bra ut. Eg har tru på at det vil skje no!, seier Sunniva Lundvoll.
Dei to jentene har sjølv teke initiativ til å lære seg meir teiknspråk, slik at dei kan snakke med venninna si som ikkje kan høyre.
– Me merkar at ho vert meir inkludert etter kvart som me lærer teiknspråk, seier Lea Synneva.
– Eleven som er hørselshemma er veldig glad for at klassekameratane kan litt teiknspråk, seier Jenny Sætre Skjønberg. Ho er lærar for elevane.
Fullverdig språk
Læraren er stolt over dei engasjerte elevane.
– Det er flott at dei ser kor viktig dette er. Og det er flott at dei no har fått svar, seier ho.
Norsk døveforbund støttar opp om Lea Synneva og Sunniva sine sterke meiningar.
– Norges Døveforbund har heile tida sagt at teiknspråk er eit fullverdig språk. Forskinga støttar dette, skriv Bjørn A. Kristiansen som er generalsekretær i Norges Døveforbund.