Fekk svar frå kunnskap- og integreringsministeren

Lea Synneva Andersland (11) og Sunniva Lundvoll (11) skreiv brev til Kunnskaps- og integreringsministeren, og fekk svar. Les både brevet og svaret her.

Jentene skreiv brev til Jan Tore Sanner. Dette var det dei skreiv:

Me vil ha teiknspråk som fag på alle skular

Me er to jenter på elleve år som går i klasse med ei døv jente, så difor skriv me om dette. Dette er viktig for oss. Me meiner at alle burde kunne kommunisera med den som er døv.

Klassemiljøet blir betre dersom alle kan teiknspråk, fordi då inkluderer me alle. Det som bør gjerast er at alle får ha teiknspråk som fag. Me meiner nemleg at alle menneske er like mykje verdt. Kva tenkjer kunnskapsminister Jan Tore Sanner om dette?

Jan Tore Sanner svarte på brevet frå jentene. Dette er det han skreiv:

Eg synest det er flott at de engasjerer dykk for ei god venninne og for teiknspråk. Eit godt og inkluderande læringsmiljø er viktig for alle elevar, og på kvar enkelt skule er det ei viktig oppgåve.

Mange, både vaksne og born, har skrive til departementet og bede oss om å sjå på korleis norsk teiknspråk kan få ein større plass i skulen. Dette vil vi no sjå nærare på og eg ventar på ei utgreiing frå Utdanningsdirektoratet om dette. Utdanningsdirektoratet har fått i oppgåve å sjå på opplæringslova og også vurdere korleis elevar som ikkje har nedsett hørsel, men som har særskilte behov for å lære teiknspråk, skal få opplæring i teiknspråk. Når eg får desse råda frå direktoratet  vil regjeringa avgjere kva vi skal gjere i framtida.

I tillegg vil regjeringa sjå på korleis vi kan anerkjenne verdien til norsk teiknspråk i ei egen språklov. Det er viktig for teiknspråkbrukarane å vite at det norske samfunnet anerkjenner norsk teiknspråk som eit fullverdig språk.

Jan Tore Sanner,

Kunnskaps- og integreringsminister