Det er første gong Royal Mail gir ut frimerke med ei popgruppe som berre består av kvinner, skriv NRK. Utgivinga skjer i samband med at det er 30 år sidan Spice Girls vart danna.
Gruppa er ei av tidenes bestseljande britiske popgrupper, etter at dei i 1994 fekk det store gjennombrotet med låten «Wannabe». Gruppa består av Sporty (Melanie Chisholm), Scary (Melanie Brown), Baby (Emma Bunton), Posh (Victoria Adams, seinare Beckham) og Ginger (Geri Halliwell, seinare Horner).