Vil ha aldersgrense på energidrikk

- Ikkje meint for barn, meiner Forbrukarrådet.

I 2019 tilrådde Mattilsynet at ei lovpålagd aldersgrense ved sal av energidrikk burde vurderast, dersom inntaket auka blant barn og unge.

Sidan den gong har salet skote i vêret – frå 41 millionar liter i 2019, til 73 millionar liter i 2022. Trass i ein massiv auke sidan 2019, ber Mattilsynet no departementet om å ikkje innføra ei aldersgrense, skriv Forbrukarrådet i ei pressemelding.

Ikkje meint for barn

– Me må stoppa utviklinga. Energidrikk er ikkje meint for barn, og då må det heller ikkje seljast til barn, så enkelt er det. Ja, det står på boksen, med ørlita skrift, at dette ikkje bør inntakast av barn, men bodskapen druknar i hipt og kult design, utvikla og laga for å treffa barn og ungdom, seier direktør i Forbrukarrådet, Inger Lise Blyverket, i pressemeldinga.

Blyverket er skuffa over tilrådinga til Mattilsynet.

– Ei lovpålaga aldersgrense vil vera eit målretta, effektivt og nødvendig tiltak for å bremsa konsumet av energidrikk blant dei yngste i samfunnet vårt, seier Blyverket.

Bør det bli aldersgrense på kjøp av energidrikk?

Bør det bli aldersgrense på kjøp av energidrikk?

Ja!388
Nei!1570
Svar totalt: 1958