FN: – Krigen i Gaza må ta slutt

Tre månader etter at krigen mellom Israel og Hamas på Gazastripa braut ut, ber FN om at krigshandlingane må ta slutt.

Spesielt for barna som bur i Gaza har dei siste vekene vore traumatiske. Over to millionar menneske er fanga inne i Gaza medan dei israelske bombene held fram med å falla.

– Ingen mat. Ikkje noko vatn. Ingen skule. Ingenting anna enn dei skremmande lydane av krig, dag ut og dag inn, skriv FNs nødhjelpssjef Martin Griffiths i eit fråsegn.

7. januar var det tre månadar sidan Hamas angreip Israel og Israels starta sitt angrep mot Gazastripa.