I slutten av januar 2017 stranda ein kval på Sotra. Forskarane såg raskt at det var noko gale då dei fann han. Kvalen ville nemleg ikkje svømme ut att i havet, og han verka sjuk. Det endte med at dei måtte skyte han, og så opne magen for å sjå kvifor han var sjuk. Der fann dei grueleg mykje plast.
8 millionar tonn plast hamnar i havet kvart år. Det forureinar og gjer dyr sjuke.
– Korleis opplevde du å finne denne kvalen som var så sjuk?
– Eg såg aldri kvalen i live, så for meg var det eit dødt dyr som var spanande fordi det viste seg å vera ein pattedyrart som aldri før hadde blitt sett i Noreg – ein gåsenebbhval.
– Korleis var det å opne kvalen?
– Som zoolog er det veldig spanande når ein får sjansen til å studere eit slikt dyr, og til og med åpne det opp for å sjå korleis det ser ut inni Det var ein kjempestor jobb der seks personar jobba i seks timar med å skjære reint skjelettet. Skjelettet tok vi vare på for å få det inn i samlingane til Universitetsmuseet i Bergen.
– Kva fann de i magen til kvalen?
– Då vi opna magen skjønte vi kvifor kvalen hadde oppført seg så rart. Me såg plast i mange ulike fargar, og plasten låg forma som ein stor ball i magesekken. Meir enn 40 plastflak i ulike størrelsar fann vi. Gåsenebbkvalen hadde hatt det veldig vondt grunna plasten. Truleg har den ikkje klart å ta til seg næring den siste tida den levde, for det var svært lite restar av naturleg mat i magesekk og tarmar.
– Trur du kvalen på Sotra endra folk sine tankar om plast i havet?
– Ja! Vi høyrer om folk som får dårleg samvit for å ta i mot plastposar i butikken, og mange hjelper til når det er aksjonar for å rydde strendene for plast. Til og med i utlandet har kvalen blitt lagt merke til. Det var nokon som fortalte meg at kvalen vart nemnt i diskusjonen om å forby plastposar i Kenya i fjor.
Det afrikanske landet har gjort plastposar forbode.