Det er spennande tider for Olivia og resten av gjengen i Barnas Klimapanel. Frå 6. november og fram til 18. november møtest FNs medlemsland i Sharm El-Sheikh til klimatoppmøte som blir kalla COP27.
– Det blir gøy å reisa heilt til Egypt! I fjor var eg med til klimatoppmøte COP26 i Glasgow, men der er det jo ganske likt som her i Noreg. Egypt blir veldig, veldig annleis, sa ho til Framtida Junior før ho reiste.
Olivia har vore med i Barnas Klimapanel i to år.
– Eg har fått mange gode vener i panelet. Me kjem tett på kvarandre når me reiser på slike turar i lag, fortel ho.
Fersk rapport
Rapporten frå Barnas klimapanel er med i kofferten til Egypt. Rapporten er basert på over tusen innspel frå barn og unge i heile Noreg.
– I Egypt skal me møta politikarar og dele ut rapporten. Målet er å få fram stemmene til barn og unge. Rapporten blir også omsett til engelsk, slik at alle politikarar kan få lesa den, fortel Olivia.
Ho er oppteken av at alle barn skal blir høyrt.
– Dei fleste som sit på Stortinget no slepp å oppleva konsekvensane av dei vala som blir gjort. Det er me, som er barn og unge i dag, som må leva med det. Då er det ekstremt viktig at me blir lytta til, seier ho.