Kva er eit asteroidebelte?

Geolog og vitskapsformidlar Victoria Sjøholt Engelschiøn svarar på kva i all verda eit asteroidebelte er.

– Asteroidebeltet ligg mellom gassplanetane og steinplanetane. Fordi verdsrommet er så stort er det liten sjanse for å treffe ein asteroide når ein sender ut satellittar gjennom asteroidebeltet, fortel Victoria.

FORFATTAR: Victoria Sjøholt Engelschiøn har skrive boka “Asteroider”. Foto: Vigmostad og Bjørke

Asteroidebeltet er området mellom Mars og Jupiter der dei fleste asteroidane i solsystemet er.

– Det finst 1–2 millionar asteroidar som er større enn 1 kilometer i diameter. I tillegg finst det mange millionar mindre asteroidar. Trass i det det høge talet er den gjennomsnittlege avstanden mellom to asteroidar rundt 1 million kilometer, som er 2,5 gonger avstanden mellom Jorda og Månen, fortel ho.