Har du høyrt om Marianegropa før? Dette mystiske punktet langt ute i havet, midt mellom Japan og Papua Ny-Guinea?
Det djupaste punktet i gropa, som er på 11.034 meter, blir kalla Challengerdjupet. Det er det djupaste på heile jordkloden.
Men i og med at punktet stoppar heile 11 kilometer under vasskorpa, blir det naturleg nok vanskeleg for menneske å utforska det. Fram til i dag, er det berre fire menneske som har prøvd seg på den utfordrande ferda, skriv Illustrert Vitenskap.
– Som å tre inn i ei framand verd
Desse fire er Jacques Piccard og Don Walsh i 1960, James Cameron i 2012 og Victor Vescovo.
Sistnemnde kom seg ned til 10.927 meter i Challengerdjupet i 2019. Ferda tok om lag fire timar, og i løpet av tida fann han fleire uoppdaga dyreartar. Han fann også godteripapir og ein plastpose fleire tusen meter under havskorpa, ifølgje CNN.
James Cameron har uttalt seg at det føltest som å vera på ein annan planet, då han i 2012 reiste aleine ned i Marianegropa.
– Det var som om eg i løpet av ein einaste dag hadde reist ut til ein fjern planet og vendt tilbake att. Å besøka botnen av Marianegropa, var som å tre inn i ei framand verd, sa han ifølgje Illustrert Vitenskap.
Sjå korleis det ser ut på botnen:
Verdas eldste havgrop
Det er bekrefta at Marianegropa oppstod for om lag 180 millionar år sidan. Då kolliderte to av jordas store tektoniske plater i kvarandre.
Desse platene deler inn jorda, og i dag består jorda av 14 slike ulike plater. Grensene mellom platene vert kalla for plategrenser.
Forskarar meiner faktisk at menneska berre har undersøkt 0,0001 prosent av havbotnen som finst på jorda. Men sjølv om det er mykje som er uutforska på botnen av havet, meiner dei at det er ein viktig plass å undersøka. Det viser seg nemleg at undergrunnen på dei djupaste punkta rundt om, er rike på liv til såkalla mikroorganismar.