Vann med fantastisk oppfinning: Vennemaskina

Ingrid Alette Valand (12) frå Gamleveien skole i Egersund vann skrivekonkurransen til Framtida Junior og Foreningen Les!

Skrivekonkurranse om oppfinningar

Kring 200 elevar deltok i skrivekonkurransen til Tid for ti-aksjonen, Foreningen Les! og Framtida Junior. Det kom veldig mange fine bidrag, med både tekstar om heilt nye fantastiske oppfinningar – og kjente oppfinnarar gjennom historia.

LES FAKTALUKK FAKTA
Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

Eg vil finna opp ein maskin som gir alle verdas barn ein venn å leika med. Den skulle heitte Vennemaskina, og Vennemaskina skulle fungert slik at alle barn som ikkje har nokon å leika med eller blir mobba, får ein venn som kan trøysta og leika med barna.

Maskina skal fungera slik at barna går inn i ein boks med ei dør, etterpå drar eg i ein spak på sida som gjer at boksen går rundt og rundt. Når barna er inni boksen er det noko som ser kven som passer til dette barnet. Når den er ferdig er det to barn inne i maskina.

Når du skal bygga denne Vennemaskina treng du:

  • Noko som kan sjå inn i sjela til barna
  • Ein spak
  • Metall
  • Tre
  • Diamant (verdt masse pengar)
  • Hjul (som hjelper til å få maskina til å snurre)
  • Barn (test kanin)
  • Knappar
  • Leidningar
  • Oppfinnar (meg)
  • Eit hårstrå frå kongane i alle land

Korleis kan Vennemaskina gjera verda til ein betre stad? 

Jo, no skal du høyra, du har sikkert høyrt at det er krig i Ukraina. Eg trur at viss Putin hadde hatt ein til venn, så kunne fått han til å ombestemma seg, og ikkje skapa krig i Ukraina.

Elles er det lurt viss ein er ein uteliggar og har ein venn med seg, slik at han ikkje blir aleine. Da er dei iallfall to om det.

Tenk på alle barna som blir mobba og utestengte, hadde ikkje det vore rørande å sjå dei ha ein perfekt venn?