Newton-Ane: – Lag ei magisk væske 

Ane Norum Kvistad (23) frå NRK-programmet Newton lærer deg eit kult vitskapleg eksperiment som du kan gjera sjølv heima på kjøkenet!

Kva skjer? 

– Du har no laga ei magisk væske som kallast “Obleck”, og er eit døme på ein ikkje-newtonsk væske. I denne væska er viskositeten (viskositet = korleis væska renn under påverknad av til dømes tyngdekraft) avhengig av farten væska rører seg med. Vatn er eit døme på ein newtonsk væske, og oppfører seg likt uansett kvar fort du rører deg. Obleck, som du nettopp har laga, vil oppføra seg forskjellig ut frå kvar fort du rører deg. Når du rører deg sakte, vil blandinga oppføra seg som noko flytande. Viss du rører deg raskt, vil blandinga oppføra seg som noko fast, fortel Ane.

Du treng: 

  • 2 dl maisstivelse
  • 2 dl vatn
  • Konditorfarge (valfritt)
  • Ein bolle å blanda i

Slik gjer du:

Ha maisstivelse og vatn i bollen.

Foto: Vegard Blakstad/NRK

Ha i 2-3 dropar konditorfarge.

Foto: Vegard Blakstad/NRK

Bland sakte og godt med ei sleiv eller hendene dine. Væska skal sjå flytande ut når ho står i ro, men ho skal vera hard medan du jobbar med ho.

Foto: Vegard Blakstad/NRK

Viss blandinga ikkje blir heilt perfekt med ein gang, kan du tilsetja enten litt meir vatn eller litt meir maisstive. Pass på, fordi væska går fort frå å vera perfekt til dårleg, så tilsett mindre enn ei teskei om gongen.

Foto: Vegard Blakstad/NRK

Plutseleg har du den perfekte væska!

Foto: Vegard Blakstad/NRK

EKSTRATIPS 1: Hald fingrane heilt stille i væska eller prøv å forsiktig slå i væska med knyttneven.

EKSTRATIPS 2: Prøv og løft ut ein bit av væska på storleik med ein sprettball, kna og klem heile tida. Hald handa med ballen over bollen og stopp å klemma og kna. Kva skjer med ballen du har i handa?