Forskarar har brukt 15 år på å ferdigstilla ein studie, der dei no konkluderer med at det står dårleg til med reptilane. Ein av fem av dei 10.000 artane forskarane har undersøkt, er no utrydningstruga.
Det vil seia at opp mot 1800 artar i reptilfamilien slit. Dersom alle desse artane forsvinner, vil ifølgje BBC 15,6 millionar år med evolusjon gå tapt.
Så langt har 31 av dei blitt utrydda, går det fram av studien som er publisert i Nature.
Reptilane er blitt oversett
Ifølgje Miljøagentene er reptilar dyr som mellom anna krokodillar, øgler, skjelpasser eller slangar. Det som kjenneteikner dei, er at dei har beina sine rett ut, istadenfor under seg. Dei leggjer også egga sine på land.
Forskarane trur at reptilane slit, fordi dei lenge er blitt oversett. Grunnen kan vera at dei ikkje blir sett på som særleg karismatiske eller søte dyr.
– Det har vore mykje meir fokus på å bevara lodne, fjærkledde artar av virveldyr, seier doktor Bruce Young frå den internasjonale naturorganisasjonen NatureServe til BBC.
Døme kan tenkjast å vera mellom anna isbjørnen, pandaen eller fjellgorillaen, som blir rekna som nokre av dei mest truga dyra.
Treng ein verdsomspennande avtale
Forskinga viser at det særleg er krokodlillar og skjelpadder som er særleg utsett for å døy ut. Meir enn halvparten av alle krokodillane på jorda og nesten to tredjedeler av alle skjelpaddene som bur her, er truga.
No ber forskarane om akutte tiltak for desse artane, og ein verdsomspennande avtale som kan hjelpa å stoppa utviklinga.
Derfor skal IUCN-Conservation International Biodiversity Assessment Unit forhandla på eit kommande toppmøte om biologisk mangfald i Kina. Der håpar dei å gjera endringar, som kan vera med på å snu utviklinga.