Tine er ein av dei få profesjonelle cosplayarane i Noreg: – Ei utruleg flott kunstform

I Noreg er det mellom 7000 og 10.000 menneske som brukar tid, energi og ressursar på å designa og laga sine egne spelkarakter-kostyme. Éin av desse er Tine Marie Riis (32).

Illustrasjon: Colourbox, Kollasj: Framtida Junior

– Det var eigentleg ganske tilfeldig at eg kom over cosplay. Eg visste litt om kva det var, fordi eg hadde googla favorittkarakterane mine frå ein anime med namn Tokyo Mew Mew, seier Tine Riis til Framtida Junior.

Heilt tilfeldig kom ho over nokon som cosplaya ein av karakterane frå serien.

– Då hugsar eg at eg tenkte at «Hmm, dette er jo eigentleg ganske kult!».

Spolar me tre år fram, til 2009, vart ho dradd med på ein konferanse i Los Angeles i USA, som heiter Anime Expo. Der fekk ho oppleva miljøet, sjå andre i kostyme og sjølv prøva cosplay for første gong. Sidan har ho ikkje sett seg tilbake – og no lever ho av hobbyen sin.

– Etter det har eg vore heilt hekta, seier ho.

Favorittkostyme: Når Tine får spørsmålet om kva som er favorittkostymet hennar, synest ho det er vanskeleg å svara. – Det står mellom Valkyrie Leona frå spelet League of Legends og Prinsesse Zelda frå The Legend of Zelda: Ocarina of Time. Eg diggar begge spela og dette er karakterar som eg ser opp til og som betyr noko for meg. Her er ho i karakter som Valkyrie Leona. Foto: Jacob.cr2

Lagar mesteparten sjølv

Tine har hatt cosplay som fulltidsjobb heilt sidan 2014, og fortel at arbeidsdagane hennar kan variera frå veldig travle til meir rolege dagar. I tillegg til arbeidet ho legg ned for seg sjølv, skaffar ho også oppdrag til andre cosplayarar og kreative artistar.

Cosplay handlar enkelt fortalt om det å kle seg opp som favorittkarakteren sin frå spel, anime, seriar eller liknande. Ordet ein samansetting av dei engelske orda costume (drakt) og roleplay (leik eller skodespel).

Mykje av tida til ein cosplayer, går derfor med på å laga klar kostymet, også kalla cosplayet, som skal visast fram.

– Du kan enten kjøpa eller laga cosplayane dine sjølv, og etter at dei er ferdige, lever ein seg inn i rolla til karakteren ein cosplayar. Eg lagar mesteparten av cosplayane mine sjølv, og alle har ein spesiell plass i hjartet mitt, seier ho.

  • LES OGSÅ: Dette er grunnen til at du blir avhengig av TikTok

    Elskar jobben sin: Tine fortel at det kjekkaste med jobben hennar er å læra vekk cosplay til andre. – Eg held workshops der folk kan læra å laga sine eigne cosplay. Og naturlegvis, synest eg også det er veldig kjekt å vera favorittkarakterane mine, seier ho. Foto: Privat

– Eit sunt og godt miljø

Kreativ: Tine lagar dei fleste kostyma sine sjølv. Her kan du sjå korleis staven til Sailor Pluto såg ut under utforming og som ferdig produkt. Foto: Privat

Den kreative jobben kan vera krevjande for ein perfeksjonist som Tine, då ho føler at ho alltid må levera noko bra. Derfor er det bra at cosplay-miljøet i Noreg godt.

– Her løfter alle kvarandre opp og passar verkeleg på kvarandre. På Facebook og på Discord har me grupper der folk kan spørja om tips, eller finna nye venner.

Dei som derimot ikkje er så støttande, bryr ho seg ikkje så veldig mykje om. Ho har lært seg å aldri gi opp noko ein sjølv elskar, fordi andre menneske kjem med negative kommentarar.

– Eg gjer sjølv mange feil enno etter 13 år med cosplay, og det er heilt i orden. Cosplay er ei utruleg flott kunstform med eit sunt og godt miljø.