Forskarar kan ha funne den minste reptilen på jorda

Den er faktisk så liten, at den har plass på tuppen av fingeren til eit menneske!

Brookesia nana, som er ein nano-kameleon, er blitt oppdaga i regnskogen på Madagaskar, skriv VG.

Der fann ei tysk-madagassisk ekspedisjonsgrupp to slike mini-kameleonar. Forskarar trur at arten er verdas minste reptil.

Reptilen på bildet, som er ein mann, er berre 22 millimeter lang. Dette gjer den til den minste av om lag 11,500 kjende reptilartar, ifølgje Bavarian State collection og Zoology i München.

Dame-reptilen blir større

BBC skriv at den kvinnelege reptilen er mykje større enn mannen. Ho kan bli opp til 29 millimeter lang.

Forskarar har enno ikkje greidd å finna eit slikt eksemplar, sjølv om dei har leita.