– Då læraren fortalde oss at me skulle spela dataspel i mattetimane, tenkte eg at det sikkert var eit kjedeleg spel. Men det er jo kjempekjekt, seier Noris Ekanger (9).
Håvard Skrede Hatlelid (9), Emilie Wolff (11) og Linnea Hansen (11) nikkar einig.
– Me gjer ikkje lenger berre skriftlege oppgåver. Det er mykje gøyare å spela og me lærer meir, seier Linnea Hansen (11).
Mattelærar på Knappskog skule i Øygarden kommune, Ingvild Vikingsen Skogestad, seier mykje har skjedd med mattefaget. Dei 3–4 siste åra, har elevane hennar også brukt dataspel i mattetimane.
– Ein balanse mellom spel, rekning, dialog, praktisk, utforsking og problemløysing gjer det mykje gøyare, fortel ho.
Læring på barna sine premissar
I «Numetry» speler ein astronaut, og målet er å redda ut ei gruppe astronautar som plutseleg forsvann – og samtidig løysa eit mysterium. Til slutt er det berre matteferdigheiter som kan redda ekspedisjonen.
Petter Blandhol, som er marknadssjef i Eduplaytion, fortel at dei vil at barn skal synast at matte er gøy, og då er det bra å gjera feil.
– Me har ikkje fokus på at elevane skal svara rett på første forsøk. Det er ikkje farleg å gjera feil – det er slik me lærer. Prøving, utforsking og feiling er ein naturleg del av læringsprosessen, og noko alle dataspel er bygd på, seier han.
– Me har fått lyst til å driva med matte
Elevane meiner at kombinasjonen av læring og dataspel er ein kjempefordel, og alle er einige om at dei er blitt betre i matte etter at dei starta med «Numetry».
– Det er gøyare og kjekkare å spela enn å rekna på ark. Spelet har gjort at me har fått lyst til å driva med matte, seier Emilie.
Dette er «Numetry»:
- «Numetry» er gratis å spela for alle ut skuleåret 2021/2022, minst. Du kan registrera deg og klassen din, eller spela utanom skulen.
- I spelet blir det tilbode hjelp undervegs. Slik kan du fortsetja læringa på eiga hand.
- Før du skal løysa dei ulike matteoppgåvene i spelet, blir du presentert for ein bit av ei større historie. Slik forstår du kva oppdraget i spelet er.
- Dei elevane med høgast score, vil hamna på ei poengtavle som alle spelarane kan sjå. Ved å bruka konkurransen kjent frå spelverdenen, motiverer den elevane til å jobba meir med matematikken.