Martin Hagfors seier til Periskop.no at han synest det blir feil dersom ikkje fagfolk skal finne vinnaren.
– Når det blir ein slags folkets pris, slik det blir når det er barn som sit i juryen, synest eg Spellemann er på villspor.
Han meiner konkurransen blir mindre seriøs.
Martin Hagfors er nominert til prisen for plata Snydelig med Meg og kammeraten min.
Leiaren i Norsk Kritikerlag er positiv til at barna får medverke, men meiner det er rart at barna får det endelege ordet.
Gaffa.no skriv at styreleiaren i Spellemann, Marte Thorsby, meiner det er riktig å la barna avgjere, og samanliknar det med at jazz blir vurdert av dei som er i målgruppa for jazz.