Landet sine beste lesarar gir boktips

5. klasse på Grasdal skule vann lesekonkurranse.

5. klasse tok i mot diplom då sigeren var sikra. Foto: Grasdal skule).

Norli junior si årlege lesekonkurranse har kåra ein vinnar. Det var 5. klasse ved Grasdal skule som stakk av med sigeren.

Dei las i snitt over 14131 sider per elev over ei periode på rundt tre månader.

Stor leseglede

Kjersti Monsen, lærar i 5. klasse, kan opplyse Framtida junior om at lesegleda framleis er på topp, sjølv etter lesekonkurransen.

– Vi feira med å gå på biblioteket og låne fleire bøker. Dessutan kom rektor med brus og pizza.

Grasdal skule er ein nynorsk skule, men klassa som vann lesekonkurransen er ei rein bokmålsklasse. Dei les mest bokmålsbøker, men har også ein god del nynorske tekstar i undervisninga.

Omslaget på boka

Eit tips som klassa vil gje er å ikkje henge seg altfor mykje opp over framsida på boka.

– Det har vist seg at bøker med kjedelege framsider, har vore blant dei kjekkaste bøkene. Eit godt tips er å gje bøker ein sjanse, seier den ivrige lesehesten av ein lærar.

Elevane har vorte litt småkjendisar i skulegarden. Dei har vore med i Supernytt og vorte intervjua av NRK Hordaland. Noko dei synest har vore kjempegøy.

5. klasse sine bokfavorittar

5. klasse kan opplyse at det heilt klart er krim- og mysteriebøker som er mest populært. Læraren fortel også at ho ser ingen typiske jente- eller gutebøker. Alle bøkene på lista nedanfor blir lese av alle, uansett kjønn eller interesser.

Dette er bøkene som er absolutt mest lese i 5. klasse.

  • Arne Svingen sine krim- og mysteriebøker
  • Bokserien om Amuletten (Kazu Kibuishi)
  • Bøkene om Kaptein Supertruse (Dav Pilkey)
  • Serien om Gutta i trehuset (Andy Griffiths og Terry Denton)
  • Bøkene om Detektivbyra nr. 2 av Jørn Lier Horst
  • Bøkene om En pingles dagbok (Jeff Kinney)
  • Bøkene av David Walliams
Berre to av sju forfattarar er norske på denne topplista. Kanskje norske forfattarar må skrive meir spaningsbøker?