Studie: Å vera snill er betre for deg

No er det vitskapleg bevist at det å vera snill med andre, gjer oss menneske godt.

Illustrasjonsfoto: @jzoerb / Unsplash.no

«The Kindness Test» er ein stor, ny studie, som tek for seg kva det vil seia å vera snill. Kvifor er det slik at nokre av oss er snillare enn andre? Og kva er det som stoppar oss frå å vera enda snillare?

Meir enn 60.000 menneske frå 144 forskjellige land har svart på desse, og andre spørsmål som handlar om venlegheit i «The Kindness Test».

Det gjer han til den største offentlege studien om dette temaet som nokon gong er gjennomført, skriv The Guardian.

Å vera snill er vinn-vinn

Forskinga viser at dei folka som bryr seg og er snille med andre, eller som har folk i livet sitt som er snill med dei sjølv, er mest fornøgd med livet sitt.

Dette gjelder også for dei menneska som set pris på og merkar handlingar som er snille og gode.

– Ein stor del av naturen til mennesket er å vera snill – fordi det er ein så stor del av korleis me får kontakt med andre menneske og kva relasjonar me har. Å vera snill er ein vinn-vinn-situasjon. Me likar å motta venlegheit, men me likar også å vera snille.

Det seier Claudia Hammond til The Guardian. Ho er professor i offentleg forståing av psykologi ved University of Sussex og programleiar for dokumentaren der resultata blir publisert.

Handlar om personlegdom

Ho forklarer at ønsket vårt om å vera snill, eigentleg er ganske egoistisk. Sidan menneska har utvikla seg til å ha empati, får venlegheit oss til å føla oss bra.

– Å vera snill, er ei varm kjensle som ein føler med det same. I tillegg gir det deg ei god kjensle av å vita at du er ein person som bryr deg om andre menneske. Me vil vera snille, me vil ha det godt med oss ​​sjølv og korleis me er som menneske, seier ho.

Studien viser at den største faktoren for kor snill du er mot andre – er kva person du er, altså personlegdomen din. Dei menneska som viser seg å vera dei snillaste, er dei som er ekstroverte, og som er open for nye opplevingar og synest det er kjekt å både vera snill og set pris på at andre er snill tilbake. Menneske som snakkar med framande viser seg også å vera blant dei som er snillast.

– Du treng sjølvtillit for å vera snill

Professor Claudia Hammond trur venlegheit heng saman med sjølvtillit.

– Du treng sjølvtillit for å vera snill, då tilbodet ditt om å vera snill kan bli avvist. Det å snakka med framande kan gjera deg gladare, og gi ei kjensle av å vera meir knytt til kvarandre, seier ho og held fram:

– Ein trur kanskje at samtalar med framande er overfladiske, og at å seia hei til nokon i ein butikk ikkje har så mykje å seie. Men har det faktisk. Desse handlingane knyter oss menneske saman.